Opna hovudmenyen

I fysikken er effekt (symbol: P) definert som mengda arbeid utført per tidseining. Effekt vert målt i den SI-avleia eininga watt med symbol W. Éin watt svarar til å omsetje eller forbruke éin joule per sekund.

Medan watt uttrykker arbeid per sekund, uttrykker kWh/h arbeid per time, eit uttrykk som vert nytta innan energiproduksjon.

Sidan éin joule varar til eit arbeid lik det å skyve med ei kraft av 1 Newton over ein avstand av 1 meter, vil ein effekt på 1 watt kunne skyve ein lekam med ei kraft av 1 Newton med ein snøggleik på 1 meter per sekund. Dette svarar til å heise ca. 102 gram 1 meter oppover per sekund ved jordoverflaten.

Ei eldre måleining for effekt som framleis er i bruk er hestekraft, som er lik 735,49875 watt, eller å heise 75 kg ein meter opp per sekund. Ein kW tilsvarar 1,36 hestekraft.

Innhaldsliste

FormlarEndra

Turtal og dreiemomentEndra

Samanhengen mellom effekt, turtal og dreiemoment er gjeven ved:

 

der

  er effekten
  er dreiemoment i Newtonmeter og
  er omdreiingsfarten i radianar per sekund.

Ei omdreiing er 2   radianar. Har ein til dømes gjeve at ein motor yter 100 Nm ved 6000 omdreiingar per minutt er effekten såleis

100 * (6000/60) * 2   = ca 63 Kilowatt

Kraft og snøggleikEndra

Samanhengen mellom effekt, kraft og snøggleik er gjeven ved:

 

der

  er snøggleik i meter per sekund og
  er kraft i Newton

Visst ein skyv ein kjelke avgarde med ei kraft på 10 Newton med ein snøggleik på 2 meter per sekund yter ein ein effekt på 20 Watt. Føresetnaden her er at retninga på krafta ein skyv med er den same retninga som snøggleiken.

Arbeid og tidEndra

Samanhengen mellom effekt, arbeid og tid er gitt ved

 

der

  er arbeid målt i Joule
  er tid i sekunder.

Dersom ein har utført eit arbeid på 20 Joule i løpet av 4 sekund har ein hatt ein gjennomsnittleg effekt på 5 Watt over dei 4 sekunda.

Elektrisk effektEndra

Elektrisk effekt som vert omsett i ein komponent er gitt ved formelen:

 

der

  er effekten, målt i watt
  er spenninga (eller spenningsfallet) over komponenten, målt i volt
  er straumen, målt i ampere

Dersom ein forbruker 10 ampere (A) over eit spenningsfall på 230 volt er effekten 2 300 Watt.

KjelderEndra