Effektivitet i sosialøkonomisk forstand tyder det å oppnå ei høg verdiskaping samstundes som ein ikkje nyttar mykje ressursar. (Busch, Johnsen og Vanebo, 2002).

Effektiviteten til noko avheng såleis av kva vi meiner med verdiskaping, og kva vi meiner med ressursbruk. Dette er tema som ein i få tilfelle vil bli sams om. Samstundes er ikkje alltid all verdiskaping og ressursbruk målbar. Likevel nyttast omgrepet som ei oppfordring for kva ein ynskjer å oppnå på mange felt i livet, gjerne utan at ein klargjer kva ein legg i dei underliggjande omgrepa verdiskaping og ressursbruk.

Omgrepet vert ofte forvirra med det relaterte omgrepet produktivitet. Produktivitet tyder likevel ein størst mogleg produksjon av noko i forhold til ressursbruken. Effektivitetsomgrepet er med andre ord vidare.

Kjelder endre

  • T. Busch, E. Johansen, J.O. Vanebo: Økonomistyring i det offentlige. 3.utgåve. Oslo, 2002.