Egge i Steinkjer er ein gamal storgard i Steinkjer kommune i Trøndelag, 2 km nord for sentrum. Han ligg på ein åsrygg, og det er dét som har gjeve han namnet.

Historie endre

Snorre endre

Egge gard er nemnt første gong i Soga om Håkon den gode, om lag år 960 etter vanleg rekning, som heimstaden til Trond Haka, hovdingen som stod for blotinga i Sparbyggjafylket, då trønderane la planar om å få kongen til å blote.

Neste gong Egge gard er nemnt, er i Soga om Olav den heilage vinteren 1020-21. Då var Olve på Egge talsmann for bøndane i Inntrøndelag som kongen skulda for å halde fram med bloting i løynd. Kongen fekk sidan vita at det skulle haldast eit stort blot for alle inntrønderane på Mære og at Olve skulle stå for gildet. Kongen kom til Mære om natta og drap Olve.

Egge (og dei andre eigedomane, og enkja Sigrid Toresdotter) vart teken over av Kalv Arnesson. Kalv vart ein mektig og eigenrådig lendmann som veksla mellom å vere alliert med kongen og med ladejarlane, som vart leiar for bondehæren i slaget på Stiklestad og som henta Magnus Olavsson heim frå Gardarike i 1034. Han eigde Egge og budde der til han flydde landet etter å ha falle i unåde hos Magnus nokre år ut på 1030-talet, og kongen tok alle eigedomane hans. Kalv fekk garden og eigedomane att i år 1050 etter at broren Finn Arnesson hadde bede Harald Hardråde om det, men han døydde alt sommaren etter då kongen sende han og ein liten flokk i land mot ein stor hær på Fyn. Seinare høyrer vi ikkje meir til Egge og hovdingane der.

Bakgrunnsstoff endre