Eggjasteinen er ein runestein som vart funnen i 1917 på garden Eggja i Sogndal i Sogn. Han vart tidlegare også kalla «Eggjumsteinen». Steinen er 160 × 70 × 10 cm stor, og var takhelle over eit lite gravkammer på flat mark. Gravgodset var ein liten jarnkniv, eit eldstål og ei flintflekke. Grava har truleg aldri innehalde noko lik og kan vera eit minnesmerke for folk som har døydd ein annan stad.

Innskrift på Eggjasteinen

Innskrifta er på rundt 200 runer og den lengste vi har i den eldre runerekkja. Språket er frå synkopetida. I tillegg til runene er det rista ein hestefigur på steinen. Grava er arkeologisk datert til andre halvdelen av 600-talet.[1]

Tolking

endre

Granskarar tolkar steinen ulikt. Ottar Grønvik (1985) gjev denne tolkinga:

      A1   (hiu þwer) hin warp naseu wilR
made þaim kaiba i bormoþa huni
A2 huwaR ob kam harie a hit lat
A3 gotna fiskR oR firnauim
suwimade foki af (f)a(nwan)ga lande
B a(i a)u is urki
C1 ni s solu sot uk ni sakse stain skorin
C2 ni (witi) maR nakdan is na wrinR
ni wiltiR manR lagi(s)

I klammer i innskrifta står gjettingar der delar av teksten er borte.

Dette gjev i protonordisk (igjen av Grønvik, 2002)[2]:

      A1   Mín warp násjó willR
máde þaim kaipa í bor-móþa húni.
A2 HvæR ob kom hærje á hitt lant?
A3 Gotna fiskR oR firnæy-ím,
swimande foki af fænjunga lande.
B Ai au is urki.
C1 Ni's sólu sótt, uk ni sakse, stain skorinn;
C2 ni wíti maR, nakdan is nið rínR,
ni wiltiR mænR, lægi(s)

Omsetjing på bokmål:

      A1   Over mine (nærmeste) kastet den ville (=havguden Ægir) nåsjø (=dødsbølge)
keipene ble slitt i stykker for dem i den borttrøtte (=slitne) mastetoppen.
A2 Hvem førte hæren over til hint land?
A3 Menneske-fisken fra strømfurene ved Firnøy
svømmende i stor fart fra myrfolkenes land,
B som alltid utvirke lykke.
C1 Ikke i sol, og ikke med sverd, søkes det til skåren stein,
C2 ikke besøke (den) mann som gråter (ubehersket) over naken slektning,
(og) ikke forvillede menn, dette leiet!

Delane A og B handlar om eit skipsforlis i uver. Masta vart svekka i holet gjennom mastetoppen (honbora), der vantet var festa. Havguden Æge får skulda for forliset.

Tidlegare tolkning sa at del A2, A3 og B handlar om den seinare lagnaden for dei omkomne. A2 skulle spørja: Korleis kom de til landet etter daude? A3 skulle då svara: Det er ein sjeleførar i form av ein fisk som hjelper dei og fører dei til ei lykkeleg øy ute i havet. Del B skulle vera ei religiøs bøn om at dei omkomne skal få denne hjelpa. I dag trur Grønvik at desse fylgjer del A1 i skildringa si.

Del C1 og C2 fortel korleis ein skal te seg mot grava og dei døde. C1 fortel at ein kan oppsøkja grava for å få dei døde i tale, men det skal ikkje skje i dagslys eller væpna. C2 er ei våbøn (forbanning) mot dei som prøver å vekkja opp dei daude med trolldom (for å tvinga dei daude til å tala og få kunnskap på den måten). Sinnsjuke skal ikkje koma til grava heller.

Andre tolkingar

endre

Magnus Olsen meinte i 1921 og 1924 at innskrifta byrja med C-delen. C1 fortalde at runeinnskrifta ikkje var laga i dagslys, og at det ikkje var brukt jernreiskapar. A-delen skildra ei rituell handling ved ei heiden gravferd.

Lis Jacobsen meinte i 1931 at A-delen skildra korleis ein høvding som var blitt drepen, vart ført i båt til Sogndal, og deretter med hestar til gravstaden.

Kjelder

endre
  1. Grønvik (1985), s. 7-9.
  2. Ottar Grønvik. «Eggjasteinen - Runer» (på norsk bokmål). Universitetsmuseet i Bergen. Arkivert frå originalen 05.06.2023. Henta 24. mai 2024. 
Litteratur

Bakgrunnsstoff

endre