Eggedelar

(Omdirigert frå Eggskjærar)
Eggedelar med egg

Eggedelar er ein kjøkkenreiskap som kan dela eit skrella hardkokt egg i jamstore delar. Egget kan delast i skiver eller båtar.

Ein eggedelar har ei grop ein kan plassera i og som skjerereiskapane kan gå gjennom. Dei skjerande delane kan vera metallstrengar eller blad. Dei sit på ei plate som er festa til botne med hengsler og blir lukka for å dela egget.[1][2]

Eggedelaren blei skapa på byrjinga av 1900-talet av den tyske oppfinnaren Willy Abel (1875-1951), som også fann opp brødskjeraren og vaffeljern med hjarte.[3] Dei første eggedelarane blei laga i Berlin-Lichtenberg.[4]

KjelderEndra

  1. «Egg slicer», Charles G. Sinclair, red., The International Dictionary of Food and Cooking, d. 184. Peter Collin Pub., 1998. Google Book Search. Henta 11. desember 2009.
  2. David Joachim, The Clever Cook's Kitchen Handbook: 5037 Ingenious Hints, Secrets, Shortcuts and Solutions, s. 161. Rodale Inc., 2002. Google Book Search. Henta 11. desember 2009.
  3. Berliner Zeitung vom 23. April 1997, HEIMATMUSEUM ZEIGT MEHR ALS HUNDERT JAHRE LICHTENBERGER INDUSTRIEGESCHICHTE, Der Eierschneider war ein Welterfolg [1]
  4. «The Egg Slicer was a World-Wide Success (in German)». 23. april 1997. Henta 1. desember 2015. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Eggedelar