Eggtempera

(Omdirigert frå Eggtempra)

Eggtempera er ei blanding av vatn, egg og fargepigment; ein av dei eldste kjende målingstypane bruka i kunst- og dekormåling. Ordet temperare er latin og tyder blande i rett forhold.

Madonna med barn målt i eggtempera av Robert Campin rundt 1440.
Rismarker i Louisiana måla av Thomas Hart Benton om lag 1928.

Eggtempera er ein av fleire slag tempera. Eggeplomme er ein emulsjon som inneheld både olje og vassløyselege emne. Eggeplomma verkar samstundes emulgerande, det vil seie at ho gjer det lettare å blande olje og vatn, noko ein nyttigjer seg ved framstilling av tempera.

Historie og bruksområde endre

Eggtempera er ved sida av enkaustikk og fresko blant dei eldste målarteknikkane, kjend frå seinantikken. Eggtemperateknikk var mykje bruka i Europa i mellomalderen fram til slutten av 1400-talet. Målinga vart særleg bruka på panel, gjerne preparert med gessogrunning. Frå slutten av mellomalderen vart det utvikla nye målingsblandingar, både temepera og rein oljemåling, som var meir elastisk og høvde betre på lerret.

Eggtempera alltid vore bruka i ikonmåling, og inspirert av fargekrafta i ikona har kunstnarar i vår tid på nytt byrja ta i bruk eggtemperamåling.

I Skandinavia har eggtempera spesielt vore bruka til dekor av møblar. Eggtempera er høveleg dekormåling sidan det er ei spesielt slitesterk måling som held godt på fargane, og ikkje gulnar slik oljemåling gjer. I Skandinavia har òg vore vanleg å blande noko linolje i eggtemperaen.

Framstilling endre

For å framstille eggtempera må ein skilje eggeplommen frå kviten, for så å stikke hòl på plomma med ei nål, slik at plommehinna ikkje vert med i blandinga. Det er viktig å bruke ferske egg, sidan dei eigenskapane eggeplomma har som løyse- og bindemiddel for fargepigmentet vert svekka når plomma oksyderer.

Plomma vert så blanda med reinsa eller destillert vatn, i forholdet 1:9 – 1:6 (plomme:vatn), tynnast til grunningsstròket. Til slutt blandar ein fargepigment, gjerne naturfargar som held fargeglansen over tid.

Eggtempera skal brukast den dagen målinga er blanda, men nokre dropar eddik gjer at målinga kan halde seg nokre dagar i kjøleskap.

Kjelder endre

  • Guillem Ramos-Poquí (1997): Ikonmaling
  • Annie Sloan & Kate Gwynn (1995) : Klassisk interiørmaling
  • Pontus Tunander (1996): Dekorativ målning