Egil Johansen (fødd 18. august 1954) er ein norsk lektor, idrettsleiar og tidlegare orienteringsløpar frå Kristiansand. Han vart verdsmeister i orientering i 1976 og 1978, i den siste vann han også gull i stafetten. Perioden 1975-80 vann han sju individuelle noregsmeisterskap. Johansen var medlem i Randesund IL til 1977, frå 1978 i OK Sør, eit lag han sjølv var med å skipe.

Egil Johansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. august 1954 (69 år)
Kristiansand kommune
Idrett orientering

Kjelder endre

  Denne idrettsartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.