Eidselva i Nome

Eidselva ligg i Nome kommune i Vestfold og Telemark. Ho har utspringet sitt i Flåvatn, og munnar ut i Norsjø ved Ulefoss. Elva høyrer til Skiensvassdraget, og er ein viktig del av Telemarkskanalen. På strekninga frå Ulefoss opp til Flåvatn er det bygd fem sluseanlegg (14 slusekammer), med total løftehøgd på om lag 57 meter.

Eidselva ved Ulefoss

I elva er det fire vasskraftverk Eidsfoss, Vrangfoss, Ulefoss og Aall-Ulefoss.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Eidselva i Nome
  Denne geografiartikkelen som har med Vestfold og Telemark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.