Opna hovudmenyen
Eight Miles High
singel av The Byrds
frå albumet Fifth Dimension
B-side «Why»
Utgjeve 14. mars 1966
Innspelt 24. og 25. januar 1966, Columbia Studios, Hollywood, CA
Sjanger Psykedelisk rock, ragarock
Lengd 3:33
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Gene Clark, Jim McGuinn, David Crosby
Produsent Allen Stanton
The Byrds-kronologi
«It Won't Be Wrong»
(1966)
Eight Miles High «5D (Fifth Dimension)»
(1966)


«Eight Miles High» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds, skriven av Gene Clark, Jim McGuinn og David Crosby og først gjeven ut som singel i mars 1966.[1] Singelen nådde Topp 20 i USA og Topp 30 i Storbritannia.[2][3] Songen kom òg ut på det tredje albumet deira, Fifth Dimension, som kom ut 18. juli 1966.[4]

Songen vart bannlyst av amerikansk radio kort tid etter han kom ut, etter påstandar om at teksten omhandla narkotikabruk.[5][6] Bandet prøvde å nekte for skuldingane, men i seinare år har både Clark og Crosby innrømd at songen i det minste delvis var inspirert av deira eige narkotikabruk.[5][7] Musikalsk var songen påverka av Ravi Shankar og John Coltrane, og i lag med B-sida «Why» var han viktig i utviklinga av dei musikalske retningane psykedelisk rock og ragarock.[6][7][8]

HistorieEndra

Den uklåre teksten omhandlar i hovudsak ein flytur bandet hadde til London i august 1965 og den påfølgjande turneen, noko ein kan høyre i opningslinjene: «Eight miles high and when you touch down, you'll find that it's stranger than known.». Sjølv om kommersielle fly fyk i høgder på seks til sju miles, så følte ein at det var meir poetisk med «eight miles high», samt at det minte om The Beatles-songen «Eight Days a Week»".[6] I følgje Clark skreiv han det meste av teksten, med små bidrag frå David Crosby.[5][6][9]

Sjølv om grunnideen for songen vart diskutert under flyturen til England, tok ikkje songen form før turneen deira i USA i november 1965.[5] Crosby hadde teke med seg ein kassett med musikken til Ravi Shankar og John Coltrane-albuma Impressions og Africa/Brass, som vart spelt konstant på turnebussen.[10][11] Påverknaden frå desse innspelingane kom til syne både i «Eight Miles High» og på B-sida «Why».[10]

McGuinn var inspirert av saksofonspelinga til Coltrane og særleg songen «India» frå Impressions er tydeleg å høyre att i «Eight Miles High».[5] I tillegg til det øyrefallande gitarriffet er songen prega av basslinja til Chris Hillman, rytmegitaren til Crosby og den overjordiske harmonivokalen.[5][7][12]

Tidlegare utgåver av «Eight Miles High» og «Why» vart spelte inn i RCA Studios i Los Angeles den 22. desember 1965, men Columbia Records nekta å gje ut desse sidan dei ikkje var spelte inn i Columbia sine eigne studio.[7][13] McGuinn har sidan sagt at han meinte at RCA-utgåva av «Eight Miles High» var meir spontan og betre enn den meir kjende Columbia-utgåva.[7] Det same meinte Crosby, som meinte utgåva var både sterkare og hadde meir flyt.[7] Desse tidlegare utgåvene vart gjevne ut på albumet Never Before i 1987, og sidan på Columbia/Legacy-utgåva av Fifth Dimension i 1996.[14][15]

Same månaden som «Eight Miles High» kom ut på singel, forlet den viktigaste låtskrivaren i bandet, Gene Clark, dei.[16] Han hadde flyskrekk og kunne ikkje lenger turnere med bandet, samt at han i aukande grad hadde isolert seg frå resten av gruppa..[16][17] Etter «Eight Miles High» og Clark forlet bandet, klarte aldri The Byrds å få ein singel inn på Topp 20 igjen i USA.[2]

Utgjeving og ettermæleEndra

«Eight Miles High» kom ut 14. mars 1966 og nådde 14. plass på singellista i USA og 24. plass i Storbritannia.[1][2][3][16]

Bruken av element frå indisk musikk og frijazz, og den impresjonistiske teksten, fekk med ein gong stor påverknad på den psykedeliske rocken som var i ferd med å bryte fram.[16][18] Songen var òg ansvarleg for å namngje heile sjangeren ragarock, så journalist Sally Kempton i meldinga hennar om singelen for Village Voice, først nytta uttrykket for å skildre blandinga av austleg og vestleg musikk.[19]

Singelen fekk god kritikk nesten alle stader då han kom ut.[16] Music Echo i Storbritannia skreiv at med «Eight Miles High» så hadde The Byrds gått forbi The Beatles når det kom til kreativitet, og at ved å få ut singelen då han kom ut, så var dei før The Beatles, for Paul McCartney innrømde at dei arbeidde med ein liknande stil på det nye albumet deira.[20] Richie Unterberger i Allmusic har skildra songen som ein av dei største singlane i 1960-åra.[4]

Songen er gjeven ut på mange samlealbum av The Byrds. Ein 16 minuttar lang konsertversjon finst på Byrds-plata (Untitled) frå 1970, samt konsertalbumet Live at Royal Albert Hall 1971 som kom i 2008.[21][22]

I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 150. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene[23] og i mars 2005 plasserte Q songen på 50. plass på lista deira over dei 100 største gitarsongane.[24]

Andre utgåverEndra

Mange band og artistar har spelt inn sine utgåver av songen, som The Ventures, Leathercoated Minds, Lighthouse, Leo Kottke, Roxy Music, Ride, Stewart/Gaskin, Robyn Hitchcock, Rockfour, Les Fradkin, The Postmarks og Hüsker Dü. Golden Earring spelte inn ein 19 minuttar lang versjon av songen på albumet deira Eight Miles High i 1969.[25]

Don McLean-songen «American Pie» har ein referanse til «Eight Miles High» med linjene «The Birds[sic] flew off with a fall-out shelter/Eight miles high and falling fast».[26][27]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 541–544. ISBN 0-95295-401-X. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1. 
  3. 3,0 3,1 Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  4. 4,0 4,1 «Fifth Dimension review». Allmusic. Henta 17. oktober 2010. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 82–85. ISBN 0-87930-793-5. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 158–163. ISBN 0-95295-401-X. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 152–157. ISBN 0-95295-401-X. 
  8. Bellman, Jonathan. (1997). The Exotic In Western Music. Northeastern Publishing. s. 351. ISBN 1-555-53319-1. 
  9. «Eight Miles High». Roger McGuinn's Official Blog. Henta 17. oktober 2010. 
  10. 10,0 10,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 141. ISBN 0-95295-401-X. 
  11. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 75. ISBN 1-90600-215-0. 
  12. «Eight Miles High». Allmusic. Henta 17. oktober 2010. 
  13. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 620. ISBN 0-95295-401-X. 
  14. «Fifth Dimension». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 17. oktober 2010. 
  15. Rogan, Johnny. (1996). Fifth Dimension (1996 CD liner notes). 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 84–87. ISBN 1-90600-215-0. 
  17. Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 87–88. ISBN 0-87930-793-5. 
  18. «Psychedelic Rock Overview». Allmusic. Henta 17. oktober 2010. 
  19. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 88. ISBN 1-90600-215-0. 
  20. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 91. ISBN 1-90600-215-0. 
  21. «(Untitled) review». Allmusic. Henta 17. oktober 2010. 
  22. «Live at Royal Albert Hall 1971 review». Allmusic. Henta 17. oktober 2010. 
  23. «The 500 Greatest Songs Of All Time». Rolling Stone. Henta 8. november 2009. 
  24. «100 Greatest Gitar Tracks». Rockandrollreport.com. Henta 17. oktober 2010. 
  25. «Golden Earring - Eight Miles High album review». Allmusic. Henta 17. oktober 2010. 
  26. «Don McLean's American Pie - Official Lyrics». Don McLean Online. Henta 17. oktober 2010. 
  27. «American Pie: What's the meaning of Vers 4». About.com. Henta 17. oktober 2010. 

BakgrunnsstoffEndra