Eikefjord idrettslag

Eikefjord idrettslag er eit idrettslag i Eikefjord i Flora kommune som blei stifta i 1967. Friidrettsgruppa og ski/o-gruppa var med frå starten. I 1971 kom fotballgruppa med og er no den største gruppa i idrettslaget.

Eikefjord stadion er i svært god stand og har garderobeanlegg, grasbane, kunstgrasbane, kastanlegg og løpebane. På stadion ligg også klubbhuset til Eikefjord IL.

På Humlestølen har skigruppa eit topp moderne skianlegg med lysløype og aktivitetsbakke.

BakgrunnsstoffEndra