Eikmaskin
Eikmaskin er eit føretal som driv import, sal og service av traktorar og landbruksmaskinar. Føretaket vart stifta i 1922 av brødrene Christian og Harald Eik som «Eiks Maskinforretning»[1]. Eikmaskin er best kjend som importør av Ferguson og Massey Ferguson, men føretaket dreiv òg ein periode produksjon av mellom anna traktorgravarar, frontlastarar, traktor- og lastebilkraner, etc.
Eikmaskin | |||
Tidlegare namn | Eiks Maskinforretning | ||
---|---|---|---|
Org.form | Aksjeselskap | ||
Org.nr. | 955456653 | ||
Skipa | 1922 | ||
Eigar | AGCO | ||
Hovudkontor | Stavanger | ||
Land | Noreg | ||
Grunnleggjar(ar) | Christian Eik | ||
Nettstad | https://www.eiksenteret.no/ |
Starten
endreI 1908 stifta Østen Kristensen Eik og Ole Hausken[2] «Eik & Hauskens Maskinforretning» i Stavanger. Føretaket vart importerte mellom anna traktorar produserte av Moline Plow Co. og Bates Steel Mule. I 1918 ekspanderte føretaket ved at det vart starta eit dotterselskap i dåværande Kristiania[2]. Men den økonomiske krisa etter 1. verdskrig råka føretaket hardt og i 1922 gikk det konkurs[2]. Det var sonen til Østen, Christian Eik, som var eigar av føretaket då det gjekk konkurs. Han tok til på nytt i Stavanger der han saman med bror sin, Harald, stifta Eikmaskin. På grunn av den økonomiske krisa tidleg på 1920-talet hadde ikkje gardbrukarane råd til å investera i traktorar, så dei selde hestereiskap i staden. Då den økonomiske situasjonen betra seg litt inn på 1930-talet fekk dei eit regionalt agent McCormick-traktorar.
Import av Ferguson-Brown
endreMen så las Cristian ein artikkel om Ferguson-Brown, som hadde eit revulsjonerande trepunktsoppheng med automatisk djupnkontroll. I 1937 vitja han Smithfield-utstillinga i London, der traktoren vart synt fram. Han meinte at traktoren ville høva godt på norske gardsbruk og i 1938 importerte Eikmaskin rundt 29 Ferguson-Brown-traktorar. Men Ferguson-Brown-traktoren svara ikkje til forventningane[1]. Dei hadde for mange barnesjukdomar, og mellomstykket mellom motoren og girkassen — som var laga av aluminium — brakk av under ein demonstrasjon[3]. Det vart etter kvart bytta ut med eit nytt av støypejarn. Sjølv om mange såg føremoner med trepunktsopphenget til Ferguson-Brown var et eit problem at dei ikkje kunne utnytta føremonane utan å kjøpa nye reiskapar. Eit anna problem var at Ferguson-Brown var mykje dyrare enn mange andre traktorar.
Ford-Ferguson og 2. verdskrig
endreI 1938 vart det slutt på samarbeidet mellom Ferguson og David Brown, og Ferguson innleia eit samarbeid med Ford. Då Ford-Ferguson 9N vart sett i produksjon i 1939 oppstod det eit problem på grunn av at Eikmaskin var importør av Ferguson og i fylgje avtalen mellom Ford og Ferguson var det Ferguson som var ansvarleg for salet av 8N. Konkurrenten Eik & Hausken var Ford-importør og Fordson N hadde så langt vore den mest selde traktoren i Noreg. Men samanlikna med Ford-Ferguson 9N var han håplaust utdatert, så Eik & Hausken var ihuga på å importera den meir moderne 9N. Eik & Hausken klarte å få til ein avtale med Ford om import av Ford 9N. Dette protesterte Cristian Eik på og det enda med eit krisemøte der Ford, Ferguson, Eikmaskin og Eik & Hausken deltok. Resultatet var at både Eikmaskin og Eik & Hausken vart importøtar av Ford-Ferguson, eller Ford 9N som han vart kalla.
Då 2. verdskrig tok til i september 1939 ottast politikarane for sjølvforsyningsgraden av mat og Stortinget vedtok at staten skulle organisera beredskapsimport av 1200 traktorar[4]. Eikmaskin fekk til slutt ein kvote på 110 Ford 9N[4]. Dette førte til ei kiving om kvotar mellom dei ulike traktorimportørane, med mykje lobbyverksemd[4]. Eikmaskin fekk til slutt ein kvote på 110 Ford 9N[4]. Men den tyske okkupasjonen av Noreg den 9. april 1940 sette ein stopp for importen.
Etterkrigstida
endreI 1946 vart det slutt på samarbeidet mellom Ford og Ferguson, og Ferguson gjekk inn i eit samarbeid med Standard Motor Company i Coventry. Då produksjonen kom i gång i 1947 vart Eikmaskin eineimportør av Ferguson TE20. Dei fyste åra etter krigen hadde Noreg lite tilgang på utanlandsk valuta og det vart innført kvotar på import av traktorar. I 1947 fekk Eikmaskin tildelt ein kvote på 400 traktorar, av ein totalkvote på 1100. Då hadde dei 1900 kundar på venteliste[3]. I 1947 var kvoten til Eikmaskin på 700 traktorar, av ein totalkvote på 1400. I februar i 1951 vart restriksjonane oppheva og importørane sto fritt til å importera så mange traktorar dei kunne selja. Etter frisleppet selde Eikmaskin rundt 3500 traktorar i året[3]. I 1951 innførte Ferguson en versjon med dieselmotor, kalla TEF20. Dieselversjonen vart svært populær og snart selde Eikmaskin fleire TEF20 enn TE20.
I 1953 gjekk Ferguson saman med det kanadisk føretaket Massey-Harris til «Massey-Harris-Ferguson», men det nye føretaket heldt fram med å bruka dei gamle merkenamna fram til 1958. I 1956 kom Ferguson TE35, som var noko større enn TE20. Det vart produsert versjonar med bensin-, parafin- og dieselmotor. Dieselmotore vart produsert av Standard i Coventry og traktorane med dieselmotor hadde gullfarga motor, girkasse og bakaksel og vart i Noreg kalla «Gullfisken». Ferguson 35 vart den mest selde traktoren i Noreg, med ein marknadsandel på 55-55%[3].
I 1958 endra Massey-Harris-Ferguson namn til Massey Ferguson, og Ferguson 35 vart frå då av kalla Massey Ferguson MF35 og fargene vart endra til raud og grå.
Patenta på trepunktsopphenget gjekk etter kvart ut, og i 1957 tok Ford til å produsera den nyutvikla traktoren Fordson Dexta i England. Han var svært lik Ferguson 35, men hadde ein 3-sylindra Perkins dieselmotor. Han hadde òg eit trepunktsoppheng som i grove trekk var likt med det på MF35. Fordson Dexta selde godt i Noreg og i 1958 vart det seld fleire Fordson enn Massey Ferguson-traktorar, men året etter leia Massey Ferguson på nytt. I 1959 kjøpte Massey Ferguson motorprodusenten Perkins og MF35 vart utstyrt med ein 3-sylindra Perkins dieselmotor, med marginalt større slagvolum enn motoren i Fordson Dexta. Før 1958 hadde ikkje Eikmaskin nokon større traktor enn MF35 å tilby, med dette året tok Massey Ferguson til å produsera MF65, som hadde ein effekt på 50 hk DIN, og Eikmaskin kunne ta opp konkuransen i dette segmentet. Men MF65 vart ikkje same storseljaren som MF35. Tidleg på 1950-talet kom det fleire produsentar av halvbelte for traktor og Eikmaskin tok til å tilby slikt utstyr, saman med vinsjar og anna skogsutstyr[5].
1960-talet og utover
endreI 1964 innførte Massey Ferguson 100-serien, og i 1965 tok Eikmaskin til å selja MF135 (44 hk DIN) og MF165 (55 hk DIN), om lag samstundes med at konkurrenten Eik & Hausken marknadsførte den nye Ford 1000-serien. MF135 og MF165 var i røynda oppdaterte versjonar av MF35 og MF65, men begge vart godt mottekne. MF135 vart den mest selde traktoren nokon gond i Noreg. MF 148 var ein forlenga versjon av MF135, med litt større effekt (47 hk DIN) og servostyring, som Eikmaskin selde mange av. I 1966 og 1968 vart 100-serien utvida med dei større traktorane MF175 (67 hk DIN) respektivt MF178 (73 hk DIN). MF178 vart utstyrt med store framhjul og skogsutstyr — produsert av Per Igland i Agder — og marknadsført som «Super-Per»[5]. Det var ikkje drift på framhjula, men traktoren tok seg likevel betre fram i ulendt terreng enn med vanlege små framhjul. Etter kvart kom det nye traktorar frå Massey Ferguson: 200, 500, 600-serien, etc.
Føretaksstruktur og vareutval
endreEikmaskin bygde etter kvart opp rundt 45 sal- og service-avdelingar rundt om i landet. På Alnabru i Oslo hadde dei eit kurs- og demosenter. På det meste hadde Eikmaskin over 600 tilsette[1]. I Møre og Romsdal var det «Wiigs Maskinsforretning» (seinare kalla Wiigmaskin) som selde Ferguson og Massey Ferguson.
Midt på 1950-talet tok Eikmasin til å produsera gravemaskinar, frontlastarar, etc. og i starten på 1960-talet stifta dei Sesam Maskinfabrikk. I 1985 endra Eikmaskin føretaksstruktur, slik at dei ulike avdelingane vart sjølvstendige franchise-føretak. I 1989 vart Eikmaskin seld til Varity Corp., som i 1980 hadde teke over Massy Ferguson. I 1994 kjøpte AGCO Massey Ferguson og vart slik eigarar av Eikmaskin.
I 1997 kjøpte AGCO den tyske traktorprodusenten Fendt og i 1998 vart Eikmaskin norsk forhandlar[6]. I 2003 kjøpte AGCO Valtra, som førte til at dei vart selda av Eikmaskin i Noreg[7]. Desse oppkjøpa har ført til at Eikmaskin i dag forhandlar traktormerka Massey Ferguson, Fendt og Valtra. Dei forhandlar òg ei rad ulike jordbruksmaskinar.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 J.M. Agjeld, Historien om Eikmaskin, Bedre Gardsdrift, 4. april 2008.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 R. Heieren, Full glød for Ferguson - Christian Eik etablerte en suksess, Traktor, 29. juni 2021
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 R. Heieren, Full glød for Ferguson - Christian Eik etablerte en suksess, Traktor, 29. juni 2021.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 R. Heieren, Den første folketraktoren - Ford og Fordson satte blå spor i Norge, Traktor, 17. februar 2023.
- ↑ 5,0 5,1 R. Heieren, Da traktoren dro til skogs - en revolusjonerende epoke , Traktor, 2. januar 2025.
- ↑ R. Heieren, Fra fiasko til suksess -70 år med Fendt i Norge, Traktor, 25. februar, 1922.
- ↑ J.M Agjeld, Agco har kjøpt Valtra, Bedre Gardsdrift, 10. September 2003.