Eilean Chaluim Chille
Eilean Chaluim Chille (gælisk for «øya til St. Columba», Calum Cille) er ei folketom øy i Ytre Hebridane i Skottland.
Eilean Chaluim Chille | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 58°07′N 6°26′W / 58.11°N 6.44°W |
Øygruppe | Ytre Hebridane
|
Areal | 0,85 km²
|
Høgaste punkt | Creag Mhor (43 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Ytre Hebridane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Ho ligg utanfor austkysten av Lewis ved innløpet til Loch Erisort. Ved lågvatn er Eilean Chaluim Chille knytt til Lewis via ein molo ved Crobeag.

Historie
endreSør på øya ligg ruinane av kyrkja til St. Columba. Dette var ein gong eit viktig religiøst senter og vart i 1549 omtalt som soknekyrkja i området. Det har truleg vore ei kyrkje her sidan rundt år 800, bygt av etterfølgjarane til St. Columba. St. Columba døydde på Iona i 597 e.Kr. Gravplassen her var i bruk fram til 1878. Eilean Chaluim Chille er verna av Historic Scotland som eit fornminne.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eilean Chaluim Chille» frå Wikipedia på engelsk, den 25. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Cromore Village». Lochs Community. Henta 25. februar 2010.