Eiler Hagerup Krog Prytz (30. april 181226. mai 1900) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Hadsel i Nordland. Han møtte på Stortinget frå Nordlands amt i tida frå 1857 til 1866.

Eiler Prytz
Fødd 30. april 1812
Hadsel
Død

26. mai 1900
Kristiania

Yrke politikar

Prytz var son til ein fut. Medan han var kopist 1838-42 i eit departement i Christiania, tok han norsk juridisk eksamen i 1840. Frå 1849 var han underrettssakførar i Bodø, og i tida 1852-58 sorenskrivar i Helgeland, med bustad i Alstahaug. Han heldt fram som fut 1858-70 i Helgeland. I 1870 flytta han til hovudstaden og arbeidde som kopist Finansdepartementet i tjue år.

Prytz representerte Nordlands amt på Stortinget 1859-60, 1862-63, Omframtstortinget 1864, og Stortinget 1865-66. Han var medlem 1859-60 og sekretær 1865-66 i Næringskomite nr 1 og i 1862-63 medlem av Justiskomite nr 1. I 1864 var han sekretær i komiteen om å senke innsjøen Øyeren, og i 1865-66 hadde han sete i Lagtinget.

Han døydde i Kristiania, 88 år gammal.

KjelderEndra