Ein 'Arik (arabisk عين عريك) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, 7 kilometer vest for Ramallah, nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde byen eit folketal på 1 567 innbyggjarar med både muslimar (65%) og kristne (35%) i 2007.[2]

Ein 'Arik
عين عريك
kommune
Ein 'Arik
Namneopphav: Kjelda til den kompakte[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Ramallah og al-Bireh guvernement
Koordinatar 31°54′24″N 35°08′35″E / 31.90667°N 35.14306°E / 31.90667; 35.14306
Folketal 1 567  (2007)
Kart
Ein 'Arik
31°54′24″N 35°08′35″E / 31.906666666667°N 35.143055555556°E / 31.906666666667; 35.143055555556
Wikimedia Commons: Ein 'Arik

Historie endre

Sørvest for landsbyen ligg Khirbet al-Hafi, der ein har funne bysantinsk keramikk, i lag med glasbitar og gamle jordbruksterrassar.[3][4] Ein har òg funne spor frå krossfarartida/abbasidane og tidleg osmansk tid.[5]

Osmansk tid endre

Ein Arik vart, som resten av Palestina, ein del av Det osmanske riket i 1517, og i 1596 stod 'Ain 'Arik oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 24 hushaldningar, 14 muslim og 10 kristne. Landsbybuarane betalte skattar for kveite, bygg, oliventre, vindruer og frukttre, geiter og bikubar.[6]

I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Ain' Arik som «ei lita steingrend, i ein djup dal med ei gresk kyrkje. Innbyggjarane er greske kristne. Det er ei god kjelde i vest ved ei lita elv. Staden er omgjeve av oliventre og her veks sitronar og andre tre kring vatnet i tjukke lundar.»[7]

Det britiske mandatet endre

I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde 'Ain 'Arik eit folketal på 200 kristne og 165 muslimar,[8] medan han i folketeljinga i 1931, 'Ein 'Arik eit folketal på 220 kristne og 274 muslimar som budde i 117 hus.[9]

I 1945 var folkeatlet i 'Ein 'Arik 610, alle arabarar, medan det samla landarealet var 5 934 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[10] Av dette var 2 203 for plantasjar og irrigert land, 1 168 for korn,[11] medan 32 mål var klassifisert som utbygde område.[12]

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 278
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 114.
  3. Dauphin, 1998, s. 838
  4. Conder og Kitchener, 1883, s. 112
  5. Finkelstein et al, 1997, s. 330
  6. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 121.
  7. Conder og Kitchener, 1883, s. 7
  8. Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16
  9. Mills, 1932, s. 49
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
  11. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 112
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 162

Bakgrunnsstoff endre