Eine

(Omdirigert frå Einer)
Eine
Eine
Eine
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av eine
Utbreiinga av eine
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Sypressfamilien Cupressaceae
Underfamilie: Cupressoideae
Slekt: Einerslekta Juniperus
Seksjon: Juniperus
Art: Eine J. communis
Vitskapleg namn
Juniperus communis

Eine eller einer (Juniperus communis), òg kalla brisk, brake, sprake, bruse, eine(r)busk og eine(r)bærbusk, er eit litevore bartre av sypressfamilien med varierande vekstform. Eine har aromatisk, kompakt og sterk ved med bork av utprega baststruktur. Veden er veleigna til småhusflid. Einebær blir mykje bruka til krydder – særleg til viltretter, pinnekjøt og til brennevinet sjenever (gin).

Grein med mogne og umogne einebær.

Skildring endre

Eine kan anten ha form som busk eller tre. Planten kan bli opptil 10 meter høg, men er som oftast lågare. Rotplanten er fleirstamma og forgreinar seg nede ved bakken. Greinene peiker oppover, og krona er kjegle- eller søyleforma. Eine kan også danna tuebestandar eller ha form som ein rund busk. På fjellet kan planten ha ei krypande form.

Nålene står i trekopla kransar om greina. Dei er harde og stikkande. Hannblomane er gule, hoblomane grøne. Planten ber små kongler som utviklar seg til mogne blå einebær i løpet av 2–3 år.

Planten er særbu med hann- og hokongler på separate individ. Frøa blir spreidde av dyr. Hannblomane er gule, medan hoblomane er 1–3 mm store grøne kongler. Begge blomane står plassert i bladhjørna, normalt som særbu på kvar sin plante.

Underartar endre

Eine har nokre underartar:

  • Eine (Juniperus communis)
    • Vanleg eine (Juniperus communis ssp. communis) – Eurasia
    • Fjelleine (Juniperus communis ssp. alpina) – Eurasia og Nord-Amerika

Begge underartane har 22 kromosom (2n).

Vanleg eine veks i det nordlege Europa, medrekna Skottland og Nord-England, i tillegg til Sibir. Han har spisse og slanke nåler. Busken eller treet kan bli inntil 15 meter høgt. Nålene er inntil 2 cm lange og sprikjande, og har eit smalt, blåkvitt band av spalteopningar på oversida. Han veks på tørr hei og i tørr skog, opp til tregrensa. I Norden er utbreiingsområdet nesten heile Noreg, Finland, Danmark, Færøyane og Sverige, og alle kystområda på Island. Han veks derimot ikkje på Svalbard.

Fjelleine er låg og krypande, og veks på heile den nordlege halvkula – hos oss i høgareliggjande strok opp til 1 730 moh. i Lom i Oppland. Blada er båtforma og ikkje særleg spisse. Nålene er innoverbøygde, og inntil 1,5 cm lange. Det kvite bandet av spalteopningar på oversida av nålene er om lag dobbelt så breitt som dei grøne kantane langs bladkanten. I Norden veks han i fjellstroka av Noreg og Sverige, på Jylland, det nordlege Sjælland og på Bornholm.

Bruk endre

Mat endre

Einebær er bruka som krydder i samband med viltretter og pinnekjøt, og stundom òg i andre matretter. Dei blir stundom bruka som smakstilsetjing i brennevin. Sjenever (òg kalla gin) er smaksett med einebær.

Brekte pinnar av eine blir lagde nedst i gryta når ein dampar pinnekjøt blant ein del vestlandsfamiliar. Desse pinnane hjelper til å halda kjøtet ute av vatnet, og dei gjev i tillegg pinnekjøtet ein lett aroma av eine. Ein kan òg leggja til nokre einekvister med bar og bær på for ekstra smak.

Bruk av treet endre

Eine er sterk, fleksibel og sein til å rotna og eignar seg dermed godt til tilverking av ulike reiskapar og børnskap som lyt tola vêr og vind. På Nordmøre vart fiskekrokar av eine bruka til relativt moderne tid, og munnlege tradisjonar om dette vart nedskrivne på 1800-talet.

Rettvaksne, berkte eineemne eignar seg godt til staur. På grunn av liten tilgang på rette emne er det ikkje så vanleg å bruka eine til vanleg gjerdestaur, men einestaurar er tradisjonelt ein del bruka som hesjestaur, og dei er spesielt veleigna som kornstaurar.

Nokre stader på Vestlandet blir einekvister tradisjonelt bruka til brakekledning – ein byggjeteknikk der eit rammeverk i stavverk eller bindingsverk blir tett utfylt med ein grov vevnad av uberkte einekvister med bar. Brakekledning er mest bruka i samband med uthus som naust, løer og utløer.

Eine vart òg nytta til torvhaldskrokar på torvtak i staden for krokar av metall. Til dette fann ein emne som var naturleg rettvinkla. I tillegg til å vere sterke på grunn av eine veks seint så rotnar ikkje veden så lett.

Namngjeving endre

Ettersom eine er ein vanleg busk i Noreg, har han gjeve namn til fleire stader i Noreg, som Briskeby, Einerhaugen og Enerhaugen. Planten har derimot ingenting å gjera med mannsnamnet Einar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre