Fat (engelsk barrel) er ei eining for volummåling av råolje. Eit fat er 42 US Gallons og svarar til 158,97 liter. Fat er ikkje ei SI-eining.

Oljefat frå ulike tidsrom

Det var i Pennsylvania at ein starta med å måle olje i fat, og seinare vart eininga ein standard for måling og prissetjing av olje.

Andre tydingar:

  • UK beer barrel: 36 UK gallons (163,7 liter)
  • US beer barrel: 31 U.S. gallons (117,3 liter).
  • US non-beer liquid barrel: 31,5 U.S. gallons (119,2 liter), ein halv hogshead.
  • US dry barrel: 105 dry quarts (115,6 liter).
  • Vat, eit eldre nederlandsk volummål. Det amsterdamske vinvat var på 931 liter, brennevinsvat på 225 liter. Vat er seinare brukt som nemning på hektoliter.

Oljedirektoratet har gått over til å bruke standardkubikkmeter Sm³ for volummåling av olje og naturgass på den norske kontinentalsokkelen. Forholdet mellom Sm³ og fat er 1 : 6,29.

Kjelder endre

  • «Vat». Store norske leksikon. 15. februar 2009. Henta 16. november 2013.