Eiríksmál er eit norrønt skaldekvad om fallet til Eirik Blodøks i 954. Det har ukjend opphavsmann, men skal ha vore dikta på oppfordring av enkja hans, dronning Gunnhild. Den einaste delen av kvadet som er kjend er byrjinga, som er teke med i Fagrskinna. Denne delen skildrar korleis Eirik blir motteken av Odin i Valhall. Versemålet er det gamle ljodahått. Øyvind Skaldespille har etterlikna «Eiríksmál» i «Hákonarmál».

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Eiríksmál (30. september 2011), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 10. februar 2014.