Eirik Tvedt Gullaksen (fødd 26. juli 1966) i Bergen er ein norsk sjakkspelar, Internasjonal Meister i sjakk, sjakkadministrator og heimesideskapar.

Eirik Gullaksen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. juli 1966 (57 år)
Yrke sjakkspelar, fjernsjakkspiller
Eirik Gullaksen på Commons

Sjakkarriere endre

Eirik T. Gullaksen var aktiv turneringsspelar i sjakk frå tidleg i tenåra, og hadde som junior jamn framgang utan å nå opp til dei aller beste norske juniorene individuelt. Han klarte å halde fram med framgangen i vaksen alder, og fekk eit nasjonalt gjennombrotsår i 1992. Han kom då på ein uventa tredjeplass i eliteklassa i Noregsmeisterskapen i sjakk.

I 1992 tok han også sitt første napp i tittelen Internasjonal meister i sjakk under Sjakkameratene si jubileumsturnering i Oslo. Etter dei sterke resultata i 1992 hadde Gullaksen akkurat klart kravet til IM-tittel om eigen FIDE-rating på 2400. Han mangla «berre» to napp til på IM-tittelen. Dette tok si tid, men i 1997-1998 tok han med få månaders mellomrom dei to siste nappa ved gode resultat i to internasjonale turneringar i London. Han blei deretter av Verdssjakkforbundet FIDE utnemnd til Internasjonal Meister i sjakk.

Eirik T. Gullaksen var spelande lagkaptein på Bergens Schakklub sitt førstelag som vann Noregsmeisterskapen i sjakk for lag i 1994, 1997, 1998, 2000 og 2003.

Tillitsvald og heimesideskapar endre

Eirik T. Gullaksen har gjort ein betydeleg innsats i norsk sjakk som tillitsvald, sjakkadministrator og sjakkorganisator, og som skapar av den best besøkte nyhendesida om sjakk i Noreg.

Han har vore formann i Bergens Sjakklubb gjennom meir enn 20 år samanhengande. Han er aktiv sjakkdommar både på lokalt og nasjonalt nivå, og har hatt nasjonale tillitsverv mellom anna som medlem av Ungdommens Sjakkforbund sin uttakingskomité og Norges Sjakkforbund sitt reglementsutval i mange år.

Eirik T. Gullaksen har sidan oppstarten i 1997 vore ansvarleg for Bergens SK si heimeside på internett. Denne heimesida har gjennom dei siste ti åra vore den mest besøkte nyhendesida om sjakk i Noreg.

Eirik T. Gullaksen blei i 2007 tildelt Norges Sjakkforbund sitt gullmerke.

Eirik T. Gullaksen er utdanna innan informatikk, og arbeider som senior systemkonsulent.

Bakgrunnsstoff endre