Eirik Vandvik (16. oktober 190419. september 1953) var ein norsk språkvitar og omsetjar. Han vart fødd i Suldal, og døydde i Oslo.

Eirik Vandvik
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. oktober 1904
Suldal kommune
Død

19. september 1953 (48 år)
Oslo

Yrke omsetjar, skribent, klassisk filolog
Språk engelsk

Bakgrunn og oppvekst endre

Eirik Vandvik var son av Bertrand Vandvik frå Vanvik i Hylsfjord og Inger Albertsdotter f. Aarhus, frå Bråtveit i Suldal. Han vart fødd i Bråtveit i Suldal kommune, der faren då var lærar. Eirik vart nummer 3 av ein seinare samla syskenflokk av 7 brør. I 1910 flytte familien til strandstaden Sand, der faren hadde fått stilling som lærar og seinare var overlærar gjennom mange år, dertil ordførar i ein lengre periode. Eirik Vandvik kjente seg alltid seinare i livet sterkt knytt til Suldal og gav i både skrift og tale ofte uttrykk for si kjensle av gjeld til det suldalsk kultur, språk og forteljartradisjon hadde gjeve han i barndom og oppvekst.

Vandvik vart gift 1935 (i Oslo) med fysioterapeut Ragna Hamar f. 10.06.1909; foreldre folkehøgskulestyrar Olav S. Hamar og husmor Johanne Elisabet f. Vassbotn, frå Hovdebygda i Ørsta, Sunnmøre. Born Bodvar f. 01.08.1937, Jorunn Inger f. 16.01.1939, Tone f. 06.06.1947.

Utdanning endre

Vandvik to examen artium ved Volda Landsgymnas i 1923. Han tok språkleg-historisk embetseksamen (latin hovudfag, gresk og tysk bifag) ved Universitetet i Oslo (UiO) i 1934. Innan sluttført embetsstudium vann han i 1933 H.M. Kongens gullmedalje for avhandlinga Genitivus und Ablativus Qualitatis im Latein. Fire år etter sluttført embetsstudium vart han på grunnlag av avhandlinga Rhytmus und Metrum. Akzent und Iktus tildelt doktorgraden og kreert dr.philos. i 1938.

Yrkesliv endre

I yngre vaksne år hadde Eirik Vandvik mangt arbeid ved sida av studiane, m.a. som lærar i folkeskulen i Jelsa i Ryfylke (1923-24), og som lektorvikar ved Sand middelskule (1924-26), ved Eidsvoll Landsgymnas (1928-29) og Rogaland Landsgymnas på Bryne (1931-32) Etter embetseksamen hadde han ulike tilsetjingar ved Klassisk Institutt ved UiO med plikt til undervisning i latin til førebuande prøver (1935-46). Han var universitetsstipendiat i klassisk filologi (1936-41) og seinare i 1940-åra professorvikar i klassisk filologi og mellomalderlitteratur og lærar i latinsk stil for filologistudentane. Etter eitt år som lærar ved Nansenskulen i Lillehammer (1946-47), kom han tilbake til UiO der han vart utnemnd til professor i mellomalderlitteratur (etter avlidne Fredrik Paasche) i 1949. I 1952-53 var han gjesteprofessor med Fulbright-stipend ved Yale-universitetet i USA; under USA-opphaldet vart han alvorleg sjuk og døydde kort etter heimkoma hausten 1953.

Verksemd endre

I tillegg til sin innsats i vitskapleg arbeid, var Eirik Vandvik aktiv på mange andre felt. Særskilt kan det nemnast hans formidling av antikkens kultur og åndsverdiar gjennom ei rad skriftstykke og bøker i tillegg til omsetjingar av Iliaden og fleire av dei store greske tragediane til nynorsk, og ei omfattande skribent- og føredragsverksemd innanfor den norske kultur- og samfunnsdebatten, mellom anna om målsak, skule og oppseding. Han var medlem av Det norske vitenskapsakademi frå 1950, i 1952 vart han innvotert som medlem av Den norske forfatterforening.

Bibliografi endre

  • Marcus Tullius Cicero: Um alderdomen (Cato den eldre). Umsett frå latin. Oslo 1931. 66 s. (Klassiske bokverk i norsk umsetjing. Utgj. Av Studentmållaget 19 s.)
  • Aischylos: Agamemnon. Umsett frå gresk. Oslo 1932. 104 s. (Klassiske bokverk i norsk umsetjing. Utgj. Av Studentmållaget. 21 s.)
  • Så er sagt -. Utdrag av gresk og romersk litteratur. Red. av Nic. Stang og E.V.(Riksmål.)
  • Rhythmus und Metrum. Akzent und iktus. (Dr.avh.) Oslo 1937. 237 s. (Symbolae Osloensis. Fasc. Supplet. VIII.)
  • Marcus Tullius Cicero: Talen for M. Marcellus og Talen for Deiotarus. Med merknader ved E.V. Oslo 1938. 60 s. (Latinske skuletekster med merknader. 9.)
  • Platon: Gjestebodet. På norsk ved E.V. Oslo 1939. 99 s.) Klassiske bokverk i norsk omsetning. Utgj. av Studentmållaget. 24.)
  • Latin for medisinarar. Av Ingjald Reichborn-Kjennerud og E.V. Oslo 1940.
  • Genitivus und Ablativus qualitatis. Oslo 1942. 116 s. (Avhandlinger utg. av Det norske videnskapsakademi i Oslo. II/1941 no 2.)
  • Fâr etter menneske. Glimt av gresk ånd. Noregs boklag, Oslo 1945.
  • Greske tragediar. I. Aischylos. Oresteia. I. Agamemnon. II. Gravofferet. III. Semja. Frå gresk ved E.V. Oslo (1948). 217 s.
  • Homer: Iliaden. På norsk ved E.V. Oslo 1951. XV/479 s., illustr. 4°. – 2. utg. 1965. 416 s. (Orion-bøkene. 30.)
  • Greske tragediar. 2. Aischylos: Persarane. – Sofokles: Kongs Oidipus og Antigone. Frå gresk ved E.V. Oslo 1954. 240 s.
  • Blant gudar på Olymp. Gresk mytologi illustrert med sitat frå gresk litteratur og bilete av gresk kunst. Oslo 1956. 240 s. – 2. utg. Oslo 1963. 240 s. (Orion-bøkene II.)
  • Latinsk ordbok. Av Asgaut Steinnes og E.V. Oslo 1958. XI/879 s.
  • Magnus Erlingssons privilegiebrev og kongevigsle. Utg. av Vegard Skånland. Oslo 1962. 91 s. (Skrifter utg. av Det norske videnskapsakademi i Oslo. II. Ny serie, no. 1.)
  • Greske tragediar. Aiskylos. Sofokles. Til Norsk ved E.V. Oslo 1964. 260 s. (Orionbøkene. 26.)

Posthumt vart òg utgjeve

  • Vardar på vegen. Frå Suldal til Akropolis. Artiklar i utval ved Egil A. Wyller. Oslo 1974.

268 s. portr.

Priser endre

Bakgrunnsstoff endre