Opna hovudmenyen

Eirik Verås Larsen (fødd 26. mars 1976 i Flekkefjord) er ein norsk padlar. Han representerer Flekkefjord Kajakklubb. Eirik er gift med Mira Verås Larsen, som også er padlar.

Eirik Verås Larsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. mars 1976
Flekkefjord
Idrett padling
Yrke padler, padler

Den 28. august 2004 tok han OL-gull på 1 000 meter K-1 og bronse på 500 meter K-2 (saman med Nils Olav Fjeldheim) i løpet av en drøy time. For denne prestasjonen vart han tildelt Fearnleys olympiske ærespris i etterkant av leikane.

Eirik Verås Larsen vart tildelt Aftenpostens Gullmedalje i 2002.

7. juni 2008 kom han på tredjeplass i finalen på 500 meter under verdscupstemnet i padling. Det var den første pallplasseringa sidan 2004, altså den beste plasseringa på fire år. Han kvalifiserte seg til sommar-OL 2012 i London, der han tok det fyrste OL-gullet for Noreg. [1]

MerittarEndra

  • OL-gull i K-1 på 1000 meter (London 2012)
  • OL-sølv i K-1 på 1000 meter (Beijing 2008)
  • OL-gull i K-1 på 1000 meter (Athen 2004)
  • OL-bronse i K-2 på 1000 meter (Athen 2004)
  • 2 VM-gull i K-1 1000 meter (2002 og 2005)
  • 2 VM-gull i K-2 maraton (2001 og 2002)
  • 1 VM-gull i K-2 1000 meter (2001)
  • 3 EM-gull i K-1 1000 meter (2004, 2005 og 2007)
  • 3 EM-gull i K-2 1000 meter (2000, 2001 og 2004)

FotnotarEndra