Eyvind Skeie

(Omdirigert frå Eivind Skeie)

Eyvind Skeie (fødd 5. november 1947) er ein norsk prest, forfattar og salmediktar. Han har mellom anna skrive manus til norske TV-seriar for barn, til dømes Portveien 2 og Sesam Stasjon. Han har òg skrive skjønnlitteratur og faglitteratur for barn og vaksne.

Eyvind Skeie

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. november 1947 (76 år)
Bergen
Yrke prest, skribent, låtskrivar, salmediktar, manusforfattar, songtekstforfattar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Arne Skeie
Nettstad http://eyvindskeie.no

Eyvind Skeie vart fødd på Askøy, og etter eksamen artium frå Bergen katedralskole studerte han teologi verd Menighetsfakultetet 1968-72. Frå 1973 arbeidde han i vekeavisa Vår kirke. Våren 1974 vart han ordinert til prest. Frå 1975 til 1980 var han kapellan i Tromøysund, før han heldt fram i Vår Kirke, no som redaktør.

Etter at avisa gjekk inn, heldt han fram arbeidet i Kirkens bymisjon i Oslo. Frå 1986 har han vore kapellan, eit arbeid han har kombinert med sitt arbeid som forfattar.[1]

Dikting endre

Eyvind Skeie har skrive tekst til meir enn 650 salmar, av desse er omkring 100 tekne med i Norsk Salmebok, Salmer 1997 eller Barnesalmeboka.

Salmane og songane til Eyvind Skeie er utgjevne i mange salmebøker og songbøker. Han har samarbeidd med mange norske komponistar. Skeie har også vore engasjert for norske organisasjonar, mellom anna i Aserbajdsjan. Han har skrive om lag 1200 songtekstar til musikk og har utgjeve om lag 40 bøker.

Utmerkingar endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Biografi, arkivert frå originalen 29. oktober 2008, henta 25. desember 2008 
  2. Eyvind Skeie si nettside, arkivert frå originalen 19. oktober 2008, henta 25. desember 2008 

Bakgrunnsstoff endre