Opna hovudmenyen

Koordinatar: 60°47′1″N 5°57′36″E

Eksingedalen kyrkje
kyrkje
Flatekvål fra NB cropped.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Eksingedalen
Fellesråd Vaksdal
Type Langkyrkje
Arkitekt Hartvig Sverdrup Eckhoff[1]
Material Stein
Innvigd 12. juni 1883[2]
 - Endringar 1984, tilbygg i aust
Sitjeplassar 130[3]
Wikimedia Commons: Eksingedalen kirke

Eksingedalen kyrkje står på Flatekval i Eksingadalen i Vaksdal kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje frå 1883.

Eksingedalen kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Eksingedalen kyrkje

Kyrkja er bygd i gråstein og har sitjeplassar til 120 personar. Ho er den andre kjende kyrkja på staden, og avløyste eit tømra kapell ein meiner var bygd på 1600-talet. Kapellet heitte Flatekval kapell, og i det var det berre messe ei gong om året. Resten av året søkte folk i Eksingadalen seg til andre kyrkjer, dei øvst i dalen reiste til Evanger kyrkje på Voss, dei frå nedste delen fór over fjellet til Mo kyrkje i Modalen og folk frå Eikemo og sørover sokna til Stamnes kyrkje.

Eksingedalen kyrkje er soknekyrkje i Eksingedalen sokn i Hardanger og Voss prosti.

HistorieEndra

Eksingedalen vart skild ut som eige sokn i Hosanger prestegjeld i 1881. Frå 1968 til utfasinga av prestegjelda frå 2004 høyrde det til Vaksdal prestegjeld saman med Dale, Vaksdal og Stamnes sokn.

KyrkjegardEndra

På kyrkjegarden står det ei minnestøtte over Nils A. Lavik, fyrste stortingsrepresentanten frå Kristeleg folkeparti. Det er partiet som har reist støtta.

KjelderEndra

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra