Eksitasjon i kjemi er å heve eit eller fleire av elektrona i eit atom til ein høgare energitilstand. Dette gjer elektronet mindre stabilt og det vil ofte falle raskt tilbake til grunntilstanden, som er den mest stabile og lågaste energitilstanden i eit system. Men elektronet kan òg bli teke opp av ein akseptor (ofte eit protein). Dette skjer i både fotosystem I og fotosystem II i fotosyntesen. Elektron kan eksiterast til dømes ved hjelp av UV-lys, men er avhengig av at strålinga som treffer elektronet har nøyaktig riktig bølgjelengd for at det skal kunne eksiterast til ein utanforliggande orbital. Dette skuldast at orbitala finn seg i avgjorde avstandar frå kvarandre (målt i energi). Denne prosessen gjev opphav til linjespektrumet til eit atom. Viss systemet får tilført nok energi kan det òg brytast heilt i stykke.

Det er eksiteringa som gjev opphav til polarlys.

I elementærpartikkelfysikken er eit system av kvarkar, dvs. ein hadronisk partikkel, eksitert når det vert ført til ein høgare energitilstand. Slike eksiterte system gjev ein ofte eigne namn, t.d. kan deltaresonansar reknast som eksiterte nukleon.

Sjå òg endre

Kjelder endre