Eksplosjonsmotor er eit omgrep som av og til vert nytta om stempelmotorar med innvendig forbrenning som arbeider etter Beau de Rochas-syklusen, som gassmotorar, forgassarmotorar og bensinmotorar med drivstoffinnsprøyting. Grunnen til dette namnet er at sylindrane er fylte med ei ferdig blanding av luft og drivstoff, slik at flammefronten spreier seg svært snøgt i sylinderen når blandinga vert tent av ein gneiste frå tennpluggen [1].

Ein 6-sylindra Borgward bensinmotor.

Kjelder endre

  1. Heywood, J.B., Internal combustion engine fundamentals, McGraw-Hill, 1988.