Elżbieta Krzesińska
Elżbieta Maria Krzesińska (11. november 1934–29. desember 2015), fødd Elżbieta Duńska i Młociny i dagens Warszawa, var ein polsk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i lengdehopping i 1956 og tok OL-sølv i same øvinga i 1960.
Elżbieta Krzesińska | |
Statsborgarskap | Polen |
Fødd | 11. november 1934 Warszawa |
Død | 29. desember 2015 (81 år) Warszawa |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952 |
Utmerkingar | Polish Sportspersonality of the Year, kommandørkors av Ordenen Polonia Restituta |
Krzesińska deltok i sommar-OL 1952 og vart nummer 12 i lengdehopp. To år seinare vann ho både lengdehopp og femkamp ved universiaden i Budapest, med ho tok bronsemedaljen i lengdehopp under EM i friidrett 1954 i Bern.
Den 20. august 1956 sette Krzesińska i Budapest verdsrekord i lengdehopp med 6,35 meter. Vel tre månader seinare vann ho i Melbourne den olympiske medaljen i øvinga med eit hopp som tangerte hennar eigen verdsrekord. I 1959 vann ho lengdetevlinga i universiaden i Torino, medan ho under sommarleikane 1960 måtte sjå seg slått av Vera Krepkina frå Sovjetunionen i kampen om gullmedaljen. Også i 1962 hadde ho einast ein sovjetisk utøvar framfor seg på resultatlista då lengdehopp vart avvikla under friidretts-EM i Beograd.
Mellom 1952 og 1963 vann Krzesińska sju nasjonale meistertitlar i lengdehopp, to i femkamp og ein på 80 meter hekk. Ho sette polske rekordar i alle desse tre øvingar, dessutan ein gong i høgdehopp.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 1952 i Helsinki: Nr 12 i lengdehopp
- EM 1954 i Bern: Bronsemedalje i lengdehopp - 5,83 m
- OL 1956 i Melbourne: Gullmedalje i lengdehopp - 6,35 m, framom Willye White (6,09 m)
- OL 1960 i Roma: Sølvmedalje i lengdehopp - 6,27, bakom Vera Krepkina (6,37 m)
- EM 1962 i Beograd: Sølvmedalje i lengdehopp - 6,22 m, bakom Tatjana Sjtsjelkanova (6,36 m) og framom Mary Rand (6,22 m)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Elżbieta Krzesińska» frå Wikipedia på tysk, den 31. desember 2015.