The Electric Flag

(Omdirigert frå Electric Flag)

The Electric Flag var ei amerikansk blues-rock-soul-gruppe, leia av gitaristen Mike Bloomfield, klaverspelaren Barry Goldberg og trommeslagaren Buddy Miles, i lag med andre musikarar som songaren Nick Gravenites og bassisten Harvey Brooks. Bloomfield skipa The Electric Flag i 1967, etter ein periode i The Butterfield Blues Band. Bandet nådde toppen av populariteten sin i 1968 med albumet A Long Time Comin', som var ei blanding av rock, jazz og R&B og gjorde det godt på Billboard Pop Albums-lista. Den første innspelinga deira var filmmusikken til The Trip, ein film om ei LSD-oppleving av Peter Fonda, skriven av Jack Nicholson og regissert av Roger Corman.[1]

The Electric Flag
OpphavChicago i Illinois i USA
Aktiv1967–1969, 1974
(sameining: 2007)
SjangerBluesrock, psykedelisk rock
Tidlegare medlemmerMike Bloomfield
Barry Goldberg
Harvey Brooks
Stemsy Hunter
Buddy Miles
Nick Gravenites
Peter Strazza
Marcus Doubleday
Michael Fonfara
Herb Rich
Roger Troy

Historie endre

Skiping endre

Bloomfield var glad i blues, soul og R&B og ønskte å skape si eiga gruppe som spelte det han kalla «amerikansk musikk.» Han var ikkje berre inspirert av storbandbluesen til B.B. King, T-Bone Walker og Guitar Slim (Eddie Jones), men òg av den moderne soulmusikken til Otis Redding, Steve Cropper, Booker T. & the M.G.'s og andre Stax-artistar. Han var òg inspirert av tradisjonell country, gospel og annan blues. Han kalla først bandet The American Music Band, og organiserte det som kom til å bli kjend som The Electric Flag våren 1967, ikkje lenge etter han produsere ei innspeling med Chicago blues-munnspelspelaren James Cotton, som hadde hatt ei blåserekkje. Bloomfield fann ut at det nye bandet hans òg skulle ha med blåsarar og skulle spele ei blanding av den amerikanske musikken han likte så godt.

Gruppa vart skipa av Bloomfield med hjelp av Barry Goldberg.[2] Harvey Brooks, som tidlegare hadde arbeidd med Bloomfield i 1965 og spelt på Bob Dylan-albumet Highway 61 Revisited, kom inn som bassist, og tilrådde Buddy Miles, då 19 år gammal trommeslagar for Wilson Pickett. Brooks hadde arbeidde med Murray the K på «Music in the Fifth Dimension»-showet på RKO Theatre og var på ein lydprøve av Wilson Pickett då Pickett gav Miles 50 dollar i bot kvar gong han gjorde feil. Etter øvinga gjekk Brooks bort til Miles og fortalte han om Bloomfield og spurte om han ønskte å diskutere det nye bandet hans. Miles vart overtydd av Goldberg, Bloomfield og Brooks om å forlate Pickett. Bloomfield og Goldberg hadde først spurt Mitch Ryder om å bli vokalist, sidan Bloomfield og Goldberg begge hadde spelt på somme av Ryder sine innspelingar. Ryder avslo tilbodet og vart verande hos Detroit Wheels. Bloomfield spurte så Nick Gravenites, opphavleg òg frå Chicago, som tok jobben.

Peter Strazza, som Goldberg kjende frå Chicago, kom inn på tenorsaksofon. Jazzgitaristen Larry Coryell, som hadde utvikla karrieren sin i Seattle medan han studerte der, tilrådde Marcus Doubleday frå Seattle på trompet.

Karriere endre

Bloomfield og Goldberg utvikla gruppa i San Francisco, med Albert Grossman som manager, og byrja raskt å arbeide på det første prosjektet sitt: musikken til filemn The Trip. Skodespelaren Peter Fonda spurte Bloomfield om å delta på prosjektet, som erstattar for Gram Parsons-bandet International Submarine Band. Regissøren Roger Corman syns ikkje musikken til Parsons var høvande for ein film om LSD. På den tida øvde The Electric Flag i heimen til Gram Parsons i Laurel Canyon i California.

Bloomfield stod oppført som einaste komponist på albumet.[3] Han henta inn klaverspelaren Paul Beaver for å legge til tekstur til filmmusikken ved hjelp av ein Moog Synthesizer. Dette var ein av dei første gongane dette instrumentet var blitt nytta på ei plate. Innspelinga av filmmusikken vart gjort på ti dagar. Filmen fekk blanda kritikk, men musikken fekk positiv omtale. Som skildra av David Dann i biografien hans om Electric Flag: «Plata var òg ei av de mest eventyrlystne for popmusikk i 1967, og prøvde seg fritt frå jazz, rock, blues og klassiske idiom, og gjorde det med vidd og intelligens. Det favoriserte veldig den eklektiske tilnærminga til den amerikanske musikken Bloomfield ønsket at det nye bandet skulle spele. At Michael kunne lage slike uvanlige og vidstrakte stykke sa mykje om der mykje han likte og kunne om denne musikken, og viste at han var uredd når det kom til å eksperimentere.»[4]

Ein av komposisjonane til Bloomfield frå The Trip, «Flash, Bam, Pow», vart sidan nytta i filmen Easy Rider frå 1969. Songen kom ikkje med på det originale filmmusikkalbumet og heller ikkje seinare utgjevingar.

Bandet debuterte på Monterey Pop Festival, den første store rockefestivalen i 1960-åra. Dei kalla seg no The Electric Flag og fekk god mottaking av publikummet, som talde 55 000. Men konserten var ikkje opp til den standarden Bloomfield ønskte seg. Etter Monterey turnerte bandet i det nordaustlege USA og i San Francisco-området, medan dei prøvde å få fast ein platekontrakt med Columbia Records. Sjølv om dei fekk god omtale, var dei nesten ukjende for ålmenta, sidan dei ikkje klarte å få ferdig det første albumet sitt i tide. I tillegg hadde Marcus Doubleday kome inn i bandet som heroinavhenging, som førte til at Peter Strazza, Barry Goldberg og Bloomfield sjølv utvikla heroinproblem. I november 1967 hadde Goldberg slutta i bandet for å få kontroll over problema sine. Han vart erstatta av Michael Fonfara, som på den tida spelte med David Clayton-Thomas i New York, og som vart tilrådd av Buddy Miles. Fonfara fekk sparken av Albert Grossman i desember, etter å ha blitt arrestert i ein narkotikarazzia i Los Angeles. Han vart erstatta av Herb Rich, som måtte spele både klaverinstrument og saksofon. Denne rolla hadde han fram til saksofonisten Stemsy Hunter, som var ein ven av Miles kom inn i bandet tidleg i 1968.[4][5] Fonfara vart kort tid etter vald ut som klaverspelaren for Rhinoceros, der han bygde ein musikkarriere. Han brukte det meste av 1970-åra som musikar og produsent for Lou Reed, mellom anna, før han utvikla ein suksessrik karriere i Canada som medlem av Downchild Blues Band og som produsent for andre artistar.

Etter innspelinga av The Trip var over, byrja bandet å spele inn det første albumet sitt, A Long Time Comin'. Albumet kom ut i mars 1968 og vart spelt inn mellom juli 1967 og januar 1968. Albumet var ei av dei første popplatene som sampla lydar og røyster inn i musikken. Tidleg i 1968 hadde trommeslagaren Buddy Miles blitt den dominerande krafta bak den musikalske retninga til bandet. Repertoaret til bandet fram til då hadde bestått av mange moderne soulsongar, med Miles på vokal, i tillegg til klassiske bluessongar. Bandet produserte færre enn eit dusin originale komposisjonar, hovudsakleg skrivne av vokalisten Nick Gravenites. Det originale konseptet til Bloomfield om «amerikansk musikk» var blitt kraftig innsnevra. Miles Davis hylla Bloomfield–Goldberg-komposisjonen «Over-Lovin' You» i ein blindtest for Down Beat i 1968.

Innan juni 1968, berre månader etter albumet kom ut, slutta Bloomfield i gruppa fordi han var heilt utmatta etter stadig søvnløyse som ikkje vart effektivt medisinert via heroin. I vekene før han slutta var det mykje spekulasjonar om Bloomfield kom til å slutte i gruppa eller om gruppa kom til å kvitte seg med han. Miles var i røynda blitt leiaren av gruppa, i staden for Bloomfield.[4] Sjølv om dei prøvde å halde fram under Miels, var The Electric Flag i røynda ferdige. Dei gav ut eit album seint i 1968, The Electric Flag: An American Music Band, men krangling og ønskje om å dra i forskjellige retningar, og ei rekkje narkotikaproblem, gjorde at bandet raskt gjekk mot grunnen.

Epilog endre

Al Kooper slutta i Blood, Sweat and Tears i april 1968 og var inspirert av ei jaminnspeling med Moby Grape, som gjorde at han fekk spelt inn albumet Super Session. Musikarar på albumet inkluderte Electric Flag-medlemmane Bloomfield, Brooks og Goldberg. Bloomfield hadde problem med søvn og gav seg frå innspelinga og vart erstatta av Buffalo Springfield-medlemmet Stephen Stills. Bloomfield og Kooper turnerte sidan i lag, medan trommeslagaren og vokalisten Buddy Miles skipa Buddy Miles Express og spelte i Jimi Hendrix sitt Band of Gypsys. Bloomfield utvikla ein solokarriere, og gav ut It's Not Killing Me i 1969, med det tidlegare Electric Flag-medlemmet Marcus Doubleday på trompet.[1]

Mike Bloomfield gav ut fleire album etter dette, inkludert Nick Gravenites Live at the Fillmore der Taj Mahal framførte «One More Mile». Buddy Miles starta Buddy Miles Express med ein stor hit i «Down By the River». Miles spelte som sagt så med Hendrix i Band of Gypsies og spelte seinare med Carlos Santana. Miles døydde i 2008.

The Electric Flag kom saman att i 1974 og gav ut The Band Kept Playing, men denne plata selde dårleg og fekk dårleg kritikk. Bandet vart raskt oppløyst att etter å ha spelt nokre sporadiske konsertar. Denne besetninga av bandet bestod av Bloomfield, Goldberg, Miles og Gravenites, i tillegg til det nye medlemmet Roger Troy på bass og vokal.[1]

28. og 29. juli 2007 var det halde konsertar i Monterey County Fairgrounds til minne om 40-årsjubileet for Monterey Pop Festival. The Electric Flag var ein av artistane som spelte der, med dei originale medlemmane Gravenites, Goldberg og Hunter, akkompagnert av medlemmar frå Tower of Power og The Blues Project.

Medlemmar endre

  • Mike Bloomfield — sologitar, vokal (1967–1968, 1974; døydde 1981)
  • Barry Goldberg — klaverinstrument (1967, 1974, 2007)
  • Harvey Brooks — bass (1967–1969)
  • Buddy Miles — trommer, vokal (1967–1969, 1974; døydde 2008)
  • Nick Gravenites — rytmegitar, vokal (1967–1969, 1974, 2007)
  • Peter Strazza — saksofon (1967–1969)
  • Marcus Doubleday — trompet (1967–1969)
  • Michael Fonfara — klaverinstrument (1967)
  • Herbie Rich — klaverinstrument, saksofon (1967–1969; døydde 2004)
  • Stemsy Hunter - saksofon (1968–1969, 2007)
  • John Simon - klaverinstrument, arrangør (1969)
  • Roger Troy — bass, vokal (1974)

Diskografi endre

Studioalbum (USA)
Tittel Info År Merknad
The Trip: Original Motion Picture Soundtrack Sidewalk T-5908 (mono) ST-5908 (stereo) 1967 * The Trip «Musikk skriven og framført av The Electric Flag,
An American Music Band»[6] (1967, Curb Records; forkorta CD-versjon 1996)[7]
A Long Time Comin' Columbia CS 9597 1968 (med Bloomfield og Goldberg)[8] #21 US
An American Music Band Columbia CS 9714 1968[9] (leia av Buddy Miles og Harvey Brooks, etter at Bloomfield og Goldberg slutta)[10]
The Best Of The Electric Flag Columbia C 30422 1971 Tekst av Murray Krugman[11]
The Band Kept Playing Atlantic SD 18112 1974 Sameining utan Harvey Brooks, som vart erstatta av Roger Troy
(CD-utgåve i 2002, Wounded Bird)
Groovin' Is Easy Aura A 1026 1982 Kanskje gjeven ut i 1983[12]
The Best Of The Electric Flag Back-Trac Records P 17721 1984[13]
Live From California 1967-1968 RockBeat Records ROC-3390 2017 Dobbelplate[14]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5. utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 313–314. ISBN 1-84195-017-3. 
  2. Jews, Race and Popular Music, By Jon Stratton - Jews and Electric Blues
  3. See The Trip (Original Soundtrack), as reviewed by Matthew Greenwald; AllMusic
  4. 4,0 4,1 4,2 Dann, David. An American Music Band: Mike Bloomfield's Electric Flag Arkivert 2017-06-21 ved Wayback Machine.; Mikebloomfieldamericanmusic.com.
  5. Michael Bloomfield: The Rise and Fall of an American Guitar Hero, By Ed Ward, Billy Gibbons - 11 Mike Bloomfield Plugs in His Guitar and His Flag
  6. Discogs The Electric Flag – The Trip: Original Motion Picture Soundtrack
  7. See The Trip (Curb); AllMusic
  8. Discogs The Electric Flag – A Long Time Comin'
  9. Discogs The Electric Flag – An American Music Band
  10. «The Electric Flag - An American Music Band». Discogs.com. Henta 13. oktober 2019. 
  11. Discogs The Electric Flag – The Best Of The Electric Flag
  12. Discogs The Electric Flag – Groovin' Is Easy
  13. Discogs The Electric Flag – The Best Of The Electric Flag
  14. Discogs - The Electric Flag – Live From California 1967-1968