Elektro-osmose, òg kalla elektroendosmose eller elektrisk endosmose, er eit fenomen der væske vert tvinga gjennom eit porøst stoff av ei elektrisk kraft. Det vert stundom rekna med til ei gruppe fenomen kalla elektrokinetiske fenomen. Når ei ikkje-leiande væske er i berøring med ein ikkje-leiande fast lekam, som glas, vert det på grensa mellom dei danna eit elektrisk dobbeltlag, som vil seie at væska vert elektrisk ladd i høve til glaset. Om ein legg eit elektrisk felt langs grenseflata, vil væskemolekyla som kan røre seg fritt, gli langs grenseflata, og det oppstår ein straum.

Kjelder endre