Elektronhòl

(Omdirigert frå Elektronhol)

I fysikk og elektronikk tyder hòl mangel på elektron i ein molekylstruktur, med andre ord ei moglegheit til å ta opp eit elektron.

Eit hòl i halvleiarmateriale er ein mobil ladningsberar i valensband som kan leie straum på same måten som eit elektron kan det, om enn litt dårlegare. Dette vert utnytta i dioder og transistorar. Det blir danna hol ved termisk eksitering av elektron frå valens- og leidningsband, ved doping med akseptorar eller ved belysning, som òg fører til eksitering av elektron til leidningsbandet. I prinsippet er eit hol at det ikkje finst ein negativt ladd partikkel i valensbandet, men i praksis kan ein handsame det som ein positivt ladd partikkel.

Kjelder endre

  Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.