Elektronikk er eit elektrofag som kombinere aktive komponentar, som transistorar og integrerte krinsar, med passive komponentar, som motstandar, kondensatorar, diodar og liknande, for å realisera ulike funsksjonar. Elektronikk og elektronisk utstyr vert nytta til å laga og handsama analoge- og digitale signal og for å kommunisera med andre einingar. Elektronikk dannar mykje av grunnlaget for det moderne informasjonssamfunnet.

Innsida av ein USB datapinne

Ulike former elektronikk endre

Ein brukar å skilja mellom analog og digital elektronikk:

Analog elektronikk gjer seg nytte av kontinuerlege endringar i straum og spenning. Radioar og audioforsterkarar er døme på analog elektronikk. Desse er gjerne bygde opp av passive komponentar som motstandar, kondensatorar og spolar og aktive komponentar som til dømes transistorar og operasjonsforsterkarar. Transistorar og operasjonsforsterkarar har ofte stor spreing i parametre som forsterkning og banddreidd, så det vert ofte nytta negativ tilbakekopling for å kontrollera forsterkning, bandbreidd, osb.

Innan digital elektronikk vert krinsane laga slik at spenninga i krinsen berre kan ha to stabile diskrete verdiar (til dømes 0 og 5 volt) som då tilsvarar dei logiske verdiane '0' og '1'. Digital elektronikk er oppbygd av transistorar. Historisk har det eksistert ulike logikkfamiliar, til dømes TTL og NMOS, men i dag er mest all digital elektronikk basert på CMOS. CMOS-teknologien er samansett av komplementære felteffekttransistorar. Dei komplementære transistorane kan setjast i hop til større byggjeklossar som inverterarar, logiske portar og multipleksarar. Desse byggjesteinane kan på eit høgare nivå setjast i hop til endå større funksjonsblokker som til dømes register, teljar og aritmetiske einingar, som i sin tur kan kombinerast med andre iningar til mikrokontrollerar, grafikkprosessorar, etc. På denne måten har elektronikkonstruktørar mange ulike hierarki av abstraksjonsnivå å halda seg til. Dei ferdige einingane vert implementerte i form av FPGAar eller ASICar.

Elektronikkomponentar endre

Med passive komponentar meiner ein komponentar som ikkje tilfører krinsen energi.

Passive komponentar endre

Hovudartikkel Passiv komponent

Passive komponentar er komponentar som ikkje tilfører energi til krinsen, som motstandar, spolar, kondensatorar, transformatorar, brytarar, etc.. Komponentar som brytarar, rele. soklar og kontaktar vert ofte kalla «elektromekaniske» komponentar.

Aktive komponentar endre

Hovudartikkel Aktiv komponent

Med aktive komponentar meiner ein komponentar som kan forsterka signala. Slike komponent har terminalar for ekstern spenningstilkopling, signalterminalar og utgangsterminalar. Signala på inngangsterminalane styrer signala på utgangsterminalane.

Utdanning endre

Mange universitet og høgskular i landet tilbyr kurs innanfor elektronikk, både på bachelornivå og masternivå. Tidlegare var det høve til å verta høgskuleingeniør og sivilingeniør i elektronikk, men desse titlane er i dag bytte ut med Bachelor i ingeniørfag (3 år etter vidaregåande skule) og Master i ingeniørfag (2 år etter Bachelor).

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Elektronikk