Elektronoptikk er eit matematisk rammeverk for utrekning av partikkelbanar langs eit elektrostatisk eller magnetostatisk felt. Uttrykket «optisk» vert nytta fordi ladde partikkelstrålar kan manipulerast ved hjelp av elektromagnetiske linser på liknande måte som ei lysstråle gjennom ei optisk linse (fokusering, avbøying, kromatiske effektar).

Elektronoptikk er naudsynt for mellom anna elektronmikroskop og i utforminga av moderne partikkelakseleratorar.

Kjelder

endre