Elektronvolt

måleining for energi

Elektronvolt (symbol: eV) er ei måleining for energi. Éin elektronvolt er mengda energi eit fritt elektron vil få når det vert akselerert av ei elektrostatisk potensialdifferanse på éin volt. Eininga vert nytta i atom-, molekyl-, kjerne- og elementærpartikkelfysikk.

Eininga er svært lita og svarer til 1,602 × 10−19 J. Eininga eigner seg særleg for bruk i atomfysikk for å syne til bindingsenergien til elektron. I kjernefysikk nyttar ein ofte dei multiple einingane keV (kilo-) = 103 eV og MeV (mega-) = 106 eV. I elementærpartikkelfysikk nyttar ein GeV (giga-) = 109 eV og TeV (tera-) = 1012, medan ein i molekylfysikk nyttar meV (milli-) = 10-3 eV og μeV (mikro-) = 10−6 eV.

BeV står får ein billion elektronvolt og er ein amerikansk namn for 109 eV. Ein amerikansk billion tilsvarar norsk milliard. Det standardiserte internasjonale namnet er GeV, gigaelektronvolt.

Kjelder endre