Elizabeth Fry
Elizabeth Fry (21. mai 1780–12. oktober 1845) var ein britisk kvekar, fengselsreformator og velgjerar.
Elizabeth Fry | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 21. mai 1780 Norwich |
Død |
12. oktober 1845 (65 år) |
Yrke | sjukepleiar, velgjerar, dagbokskrivar, politikar, stemmerettsforkjempar, skribent |
Språk | engelsk |
Far | John Gurney |
Mor | Catherine Bell |
Ektefelle | Joseph Fry |
Elizabeth Fry på Commons |
Ho var fødd som Elizabeth Gurney i ein velståande kvekarfamilie i Norwich. I 1800 gifta ho seg med bankmannen Joseph Fry, også ein kvekar, som ho fekk elleve barn med. Etter giftarmålet budde Fry i London.
I 1811 blei ho predikant i kvekarsamfunnet, og fekk eit ry som ein framifrå talar.[1]
I 1813 vitja Fry Newgate Prison i London, der meir enn 300 kvinner og barna deira var fengsla i skitne og overfylte kår. Etter dette engasjerte ho seg for å forbetra tilhøva i fengsla i landet. Ho skipa organisasjonar for fangane og for forbetring av kåra deira. Ho la vekt på å hjelpa dei med å utvikla evner dei kunne forsørga seg sjølv med utanfor fengselet, som å sy. Samstundes overtalte ho autoritetsfigurar til å gjera kåra til kvinner som var fengsla eller dømde til å transporterast til Australia betre. I 1818 talte ho om fengelstilhøva for ein parlamentskomité, og blei dermed den første kvinna til å presentera prov i det britiske parlamentet. Arbeidet hennar vekte merksemd i utlandet, og Newgate blei mellom anna vitja av Fredrik Vilhelm IV av Preussen.[2]
Fry arbeidde også for heimlause og helseven. Etter å ha sett den livlause kroppen til ein gut vinteren 1819/20 skipa ho nattherberge for heimlause i London. I 1840 opna ho ein sjukepleieskule. Denne inspirerte Florence Nightingale, som tok ei gruppe sjukepleiarar frå denne skulen for å hjelpa såra soldatar under Krimkrigen. Fry arbeidde også for å betra pleia for mental sjukdom. Saman med andre kvekarar var Fry også aktivt med på å prøva å avvikla slaveriet.
Verk
endre(Utval)
- 1827: Observations on the visiting, superintendence and government, of female prisoners
- 1831: Texts for every day in the year, principally practical & devotional
- 1841: An address of Christian counsel and caution to emigrants to newly-settled colonies
Kjelder
endre- ↑ Svensk uppslagsbok, Malmö 1932
- ↑ Grovier, Kelly. The Gaol. John Murray. s. 278. ISBN 978-0-7195-6133-7.
- Denne artikkelen bygger på «Elizabeth Fry» frå Wikipedia på engelsk, og «Elizabeth Fry» frå Wikipedia på svensk den 18. januar 2018.