Opna hovudmenyen

Ell & Nikki er ein aserbajdsjansk popduo sett saman av Eldar Qasımov og Nigar Camal. 14. mai 2011 vann han Eurovision Song Contest 2011 med songen «Running Scared». Dette var første gongen eit bidrag frå Aserbajdsjan vann tevlinga.[1]

Ell & Nikki
Ell & Nikki, Eurovision Song Contest 2012, semi-final allocation draw.jpg
Eldar Qasımov og Nigar Camal i Buta Palace i Baku.
OpphavAserbajdsjan
Aktiv2011–i dag
SjangerPop
MedlemmerEldar Qasımov
Nigar Camal

Eurovision Song Contest 2011Endra

 
Frimerket laga i samband med sigeren.

Både Camal og Qasımov deltok i Land of Fire 2011, den aserbajdsjanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011. Camal vann tevlinga, medan Qasımov enda på fjerdeplass. Sidan det var juryen som fekk stadfeste kven som fekk lov til å representere landet, valte dei båe to. Seinare valte İctimai Televiziya və Radio Yayımları Şirkəti (İTV) den engelskspråklege songen «Running Scared», skriven av Stefan Örn, Sandra Bjurman og Iain Farquharson. I Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland deltok Aserbajdsjan i den fyrste semifinalen 10. mai 2011 og enda på andreplass med 122 poeng; tolv frå Tyrkia og Georgia, ti frå Russland, Malta, Kroatia og Litauen, åtte frå Polen og Island, sju frå Ungarn, Portugal og Hellas, fem frå Albania, Finland og SanMarino, fire frå Storbritannia og eitt frå Sveits og Spania. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på andreplass med 124 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på andreplass med 109 poeng. Landet kvalifiserte seg til finalen 14. mai 2011 der dei vann med 221 poeng; tolv frå Russland, Tyrkia og Malta, ti frå Moldova, Romania, Ukraina, San Marino og Kroatia, åtte frå Bosnia-Hercegovina, Litauen, Estland, Austerrike, Island, Georgia, Polen, Albania, Portugal og Kypros, sju frå Ungarn og Slovakia, seks frå Frankrike, Nederland og Kviterussland, fem frå Finland og Hellas, fire frå Israel, tre frå Sverige og Belgia, to frå Latvia og eitt frå Sveits. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget vunne med 223 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på andreplass med 182 poeng. Dette er den fyrste og førebels einaste sigeren til Aserbajdsjan.

Ell & Nikki er den andre duoen med blanda kjønn som har vunne Eurovision Song Contest. Fyrste gongen var då Grethe og Jørgen Ingmann vann for Danmark i 1963. Etter finalen i Eurovision Song Contest 2011 reiste dei til mange europeiske land for å framføre vinnarsongen. Dei mottok òg prisen Peace and Friendship Award av di Nigar Camal bar eit tyrkisk flagg på scena under vinnarframføringa.

Azerbaijan gav ut eit frimerke vigd Eurovision-sigeren deira.[2][3]

Sida tevlinga vart arrangert i eit vesteuropeisk land deltok gruppa under namnet Ell & Nikki for å unngå at ein skulle oppfatte namnet «Nigar» som rasistisk.

Eurovision Song Contest 2012Endra

 
Dima Bilan, Eldar Qasımov, Nigar Camal, Alexander Rybak og Lena med nokre nasjonale musikarar i bakgrunnen.

16. april 2012 vart Eldar Qasımov valt ut som programleiar for Eurovision Song Contest 2012 saman med Leyla Əliyeva og Nərgiz Birk-Petersen. Gruppa opna finalen med å framføre «Running Scared», og seinare i programmet framførte dei den svenske vinnarsongen frå 1974, «Waterloo», saman med Lena, Dima Bilan, Alexander Rybak og Marija Šerifović.

DiskografiEndra

SinglarEndra

  • 2011: Running Scared
  • 2013: Music's Still Alive

KjelderEndra