Ellingsøyfjorden

Ellingsøyfjorden er fjord i kommunane Ålesund og SkodjeSunnmøre. Han ligg på nordsida av Nørvøya, der sjølve byen Ålesund ligg , og Oksnøya og sør for Ellingsøya, som han er kalla opp etter, og strekkjer seg 24 km austover til Skodjevika. Inkludert Skodjevika er han 29 km.

Del av Ellingsøyfjorden
Skodjebruene mellom Ellingsøyfjorden og Skodjevika
Foto: Frode Inge Helland

Fjorden har innløp i vest mellom Kverve på Ellingsøya og Verpinsvika i Ålesund by. Vest for innløpet ligg Valderhaugfjorden. Aust for Ellingsøya ligg Taftesund der Fv107 kryssar sundet via Taftasundbrua. På nordsida av Taftesund ligg Grytafjorden. Mellom Ellingsøyfjorden og Skodjevika kryssar dei to Skodjebruene fjorden. Frå Skodjevika går det tronge sund sørover til Storfjorden. Fjorden er mellom ein og to kilometer brei og på det djupaste er han 113 m.

I Ellingsøyfjorden ligg fleire tidlegare busette øyar og holmar. Frå vest mot aust finn ein Svinøya, Litje-Kalvøya, Vikholmen, Langøya, Bjørgeholmen, Dyrøya og Vemøya. Dei to siste høyrer til Skodje.

Hamna i Ålesund, Gangstøvika, ligg ved Ellingsøyfjorden. Områda ved hamna og ved Flatholmen er sterkt forureina.

Ellingsøytunnelen er ein 3.500 meter lang tunnel under fjorden, mellom Ålesund og Ellingsøya. Lenger aust kan ein krysse fjorden over Straumsbrua.

Delar av den britiske påskekrimserien Malstrøm vart spela inn i Ellingsøyfjorden på 1980-talet.