Elsa Søllesvik

norsk songar og låtskrivar

Elsa Søllesvik (fødd 22. april 1996)[1], kjend under artistnamnet Elsie Bay, er ein norsk songar og låtskrivar frå Kvinnherad. Familien flytta til Haugesund da ho var 13 år, og det var der musikkarrieren hennar byrja. Ho fekk sitt musikalske gjennombrot som 17-åring, som del av popduoen Elsa & Emilie. Ho har sidan spela på ei rekkje konsertar og festivalar, og i 2022 deltok ho i Melodi Grand Prix med låten «Death of Us», og var ein av låtskrivarane av «Hammer of Thor» som vart framført av Oda Gondrosen.

Elsa Søllesvik

Fødd22. april 1996 (28 år)
FødestadKvinnherad kommune, Haugesund kommune
AliasElsie Bay
OpphavNoreg
Aktiv2010–
Sjangerpop
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somsongar, låtskrivar

Bakgrunn endre

Søllesvik vaks opp i Sunde i Kvinnherad i Vestland, men flytta til Haugesund i Rogaland som 13-åring.[2] Allereie som barn dreiv ho med musikk og song. Ho fekk det musikalske gjennombrotet sitt som 17-åring i 2014.[3]

Karriere endre

Elsa & Emilie (2010–2018) endre

I Haugesund møtte Søllesvik Emilie Haaland Austrheim på kulturskulen i Haugesund.[4] Kort tid etter, i 8. klasse, byrja venninnene duoen Elsa & Emilie. I januar 2014 fekk duoen platekontrakt med Sony Music, og same år kom debutalbumet Endless Optimism.[5] Albumet skaffa duoen ein nominasjon til Spellemannprisen i klassen «Årets nykommer». Ein av singlane frå albumet, «Run», vart ein hit i 2017 då han vart brukt i tv-serien Skam.[6]

I januar 2017 kom oppfølgjaralbumet til popduoen, Kill Your Darlings, med singlar som «Au volant» og «Chains of Promises».[7] I løpet av denne perioden spela duoen på ei rekkje konsertar og festivalar, blant anna på Tysnesfest og By:Larm.[8] Duoen vart også lista på NRK P3, VG-lista og opptredde på talkshowet LindmoNRK1.[8] Ved årsskiftet 2017–18 vedtok duoen å ta ei pause, og i desember 2018 vart duoen oppløyst, og Søllesvik valde i staden å satse på ein solokarriere.[3]

Elsie Bay (2018–) endre

Frå 2018 og inn i 2020-åra etablerte Søllesvik seg i Oslo som låtskrivar for andre artistar. Blant anna har ho skrive for artisten Espen Fernando[2], og ho leverte låten «Witch Woods», som artisten Emmy deltok med i Melodi Grand Prix 2021.[8]

Parallelt med låtskrivinga for andre byrja Søllesvik ein solokarriere under namnet Elsie Bay. Artistnamnet kjem av at «Elsie» var eit av namna foreldra hennar vurderte for henne før dei landa på «Elsa».[8] Etternamnet «Bay» er det engelske ordet for «Vik», tilsvarande sisteleddet i etternamnet «Søllesvik». Ho har blant anna skrive og sunge «Heaven Made», som er ein av tittelsongane til den sørkoreanske tv-serien Show Window: The Queen's House. Serien hadde premiere i Sør-Korea hausten 2021.[9][10]

I januar 2022 kunngjorde NRK at Elsie Bay var blant deltakarane i Melodi Grand Prix 2022. Elsie Bay var direktekvalifisert til finalen 19. februar der ho deltok med låten «Death of Us». Ho skreiv låten saman med Jonas Holteberg Jensen og Andreas Stone Johansson.[11] Ho framførte låten under den fyrste delfinalen laurdag 15. januar 2022.[9] I tillegg var ho ein av låtskrivarane bak «Hammer of Thor», som Oda Gondrosen framførte i den tredje delfinalen. Elsie Bay enda på en tredje- eller fjerdeplass i finalen, og vart slegen ut før den avgjerande gullduellen.[12]

Utdanning endre

Søllesvik har ein bachelorgrad i statsvitenskap frå Universitetet i Oslo, i tillegg til ein bachelorgrad i rettsvitenskap og kriminologi frå Universitetet i Stavanger og Universitetet i Oslo.[13]

Diskografi endre

Singlar endre

  • 2021 – «Heaven Made»
  • 2022 – «Death of Us»

Som del av Elsa & Emilie endre

Studioalbum endre

  • 2014 – Endless Optimism
  • 2017 – Kill Your Darlings

Singlar endre

  • 2014 – «Endless Optimism»
  • 2014 – «Run»
  • 2016 – «Au volant»
  • 2017 – «Chains of Promises»
  • 2017 – «Ocean»

Prisar og nominasjonar endre

År Pris Kategori For Resultat
2015 Spellemannprisen 2014 Årets nykommer Endless Optimism (Elsa & Emilie) Nominert
2022 Melodi Grand Prix 2022 Finalist «Death of Us» (Elsie Bay) 3./4. plass

Kjelder endre

  1. «Announcement: is mi birthday 🎈». www.instagram.com. Instagram – iamelsiebay. 22. april 2020. Henta 11. januar 2022. 
  2. 2,0 2,1 «Elsa Søllesvik». Rogalyd (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 11. januar 2022. Henta 11. januar 2022. 
  3. 3,0 3,1 Horvei, Truls (12. desember 2018). «Elsa & Emilie gir seg, Elsa går solo». Haugesunds Avis (på norsk). Henta 11. januar 2022. 
  4. Larsen, Eirin (8. september 2014). «Nå kommer albumet til Elsa & Emilie». NRK (på norsk bokmål). Henta 11. januar 2022. 
  5. «Elsa & Emilie». Discogs (på engelsk). Henta 11. januar 2022. 
  6. Houeland, Egil (28. februar 2017). «Elsa & Emilie i "Skam"». Radio 102 (på norsk bokmål). Henta 11. januar 2022. 
  7. «Elsa & Emilie». Artist Vision (på engelsk). Henta 11. januar 2022. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 «Årets MGP-deltakere er klare: Elsie Bay - Death Of Us | Universal Music Norge». kommunikasjon.ntb.no (på norsk). Henta 11. januar 2022. 
  9. 9,0 9,1 Hyttebakk, Jon Marius (10. januar 2022). «Disse skal være med i Melodi Grand Prix 2022». NRK (på norsk bokmål). Henta 11. januar 2022. 
  10. «쇼윈도 : 여왕의 집 Part.3 - Elsie Bay». 멜론 (på koreansk). Henta 11. januar 2022. 
  11. Sætrevik/Grenda, Håvard (10. januar 2022). «Elsa Søllesvik er finaleklar i MGP». Grenda. Henta 11. januar 2022. 
  12. Khorami, Aida (19. februar 2022). «Subwoolfer er Norges bidrag til Eurovision». NRK (på norsk bokmål). Henta 20. februar 2022. 
  13. «Elsa Søllesvik – Artist hos Artist Vision». LinkedIn. Henta 11. januar 2022. 

Bakgrunnsstoff endre