Else Kåss Furuseth

Elisabeth Kåss Furuseth (fødd 18. juli 1980), profesjonelt kjend som Else Kåss Furuseth,[1] er ein norsk standupkomikar, skodespelar, reporter og programleiar. Ho er blant anna kjend som programleiar i sitt eige talkshow Kåss til kvelds, som medevrkande i Torsdag kveld fra Nydalen og for teatermonologane Kondolerer og Gratulerer.[2] Ho har vunne tre Gullruteprisar som beste programleiar.

Else Kåss Furuseth

Fødd18. juli 1980 (43 år)
FødestadJessheim
FødenamnElisabeth Kåss Furuseth
Verka somskodespelar, reporter, programleiar, komikar
PrisarWenche Foss’ ærespris, Åpenhetsprisen, Gullruten for beste programleder, Gullruten for beste programleder, Gullruten for beste programleder

Karriere endre

På 2000-talet var ho programleiar og medarbeidar i fleire radioprogram på NRK P3: programleiar i Show Show (2006), assistent i Klaus Sonstad Show (2006), fast medarbeidar i Ken eller Torkil og programleiar for Tjukkas saman med Sigrid Bonde Tusvik. Ho har òg laga reportasjar og seriar til NRK P3TV, til dømes serien Gipskvinnen, der ho gipsa begge armane og samstundes prøvde å leva eit normalt liv.

Saman med Henrik Thodesen, Odd-Magnus Williamson, Morten Ramm og Sigrid Bonde Tusvik var ho i perioden 2002 til 2008 med på å laga og framføra sketsjeshowet Blymandag.[3] Showet var ein forløpar til humorprogrammet Torsdag kveld fra Nydalen som hadde premiere på TV 2 i mars 2009 og der ho sidan var ein av dei faste programleiarane. Våren 2010 var ho deltakar på Camp Senkveld i TV 2-programmet Senkveld med Thomas og Harald. I 2011 deltok ho i KjendisbarnevaktenNRK 1, ein reality-konkurranse som ho vann.

I perioden 2011–2016 spelte ho si eiga førestilling, Kondolerer, der ho fortalde om mora og sjølvmordet til broren. Førestillinga vart blant anna sett opp på Torshovteatret og Nationaltheatret. Førestillinga og Furuseth vart nominerte til totalt fire prisar under Komiprisen 2012: beste førestilling, beste kvinnelege artist, revy og komedie, årets nummer og årets morosamaste. I 2012 var ho laurdagsspaltist i Dagbladet.[4]

Furuseth vart i 2012 tildelt Wenche Foss' ærespris saman med Foreningen «Vi som har et barn for lite».[5]

Hausten 2012 debuterte Furuseth på film i spelefilmen Tina & Bettina, der ho spelte mot Torsdag kveld-kollegaene Odd-Magnus Williamson og Henrik Thodesen i tillegg til modellen og programleiaren Triana Iglesias. Filmen er basert på dei to vestkantjentene Tina og Bettina, som har opphav frå tidlegare sketsjar gjort i Torsdag kveld frå NydalenTV 2.

I 2014 hadde Furuseth, Sigrid Bonde Tusvik og Henriette Steenstrup eit show på Latter kalla Mot i brøstet.[6] Same år fekk ho sitt eige talkshow på TV 2 kalla Else. Det vart kansellert i juni 2014. Deretter vart ho i 2015 programleiar for eit nytt talkshow på same kanal, med tittelen Det er lov å være blid, som gjekk i tre sesongar; våren 2015, hausten 2015 og våren 2016.[7]

I 2016 slutta Furuseth i TV 2 og byrja som programleiar i TVNorge.[8] Hausten 2018 var ho programleiar for dokumentarserien Else om: selvmord på TVNorge. For serien vann ho og programmet to prisar under Gullruta 2019, i kategoriane «beste programleiar» og «beste nyhende-, til sports- eller aktualitetsprogram». I tillegg var ho nominert i klassane «årets nyskaping» og «publikumsprisen».[9] For oppfølgjarserien Else om: barn, som vart send i 2019, vann ho Gullruta 2020 i klassa «programleiar – underhaldning».[10] I 2019 vende ho tilbake til NRK, og våren 2020 leidde ho første sesong av sitt eige talkshow Kåss til kvelds, med Markus Neby som medprogramleiar.[11] For programmet vann ho Gullruta 2021 i klassa beste programleiar - underhaldning.[12]

Sidan 2016 har ho leidd radioprogrammet og podcasten The Kåss Furuseths med systera Cecilie Ramona Kåss Furuseth, og i 2019 var ho programleiar i podcasten Ufiltrert, produsert av Anti.

TV-opptredenar endre

  • 2009–2013 Torsdag kveld fra Nydalen
  • 2011 Kjendisbarnevakten
  • 2014 Else
  • 2015–2016 Det er lov å være blid med Else
  • 2018 Else om: sjølvmord
  • 2019 Else om: barn
  • 2019 Jorden rundt på 6 steg
  • 2020–2023 Kåss til kvelds

Bibliografi endre

Prisar og nominasjonar endre

  • Nominert til Komiprisen 2010 i klassen «årets gjennombrudd» for Torsdag kveld fra Nydalen
  • Wenche Foss' ærespris for 2012
  • Nominert til Komiprisen 2012 i klassen beste kvinnelege artist, revy og komedie for Kondolerer
  • Nominert til Komiprisen 2012 i klassen «årets nummer» for «Etter begravelsen» fra Kondolerer
  • Nominert til Komiprisen 2012 i klassen «årets morosamste» for Torsdag kveld fra Nydalen og Kondolerer
  • Nominert til Gullruten 2012 i klassen «beste kvinnelege programleiar» for Torsdag kveld fra Nydalen
  • Tildelt Oslo bys kunstnerpris for 2013
  • Nominert til Komiprisen 2013 i klassen «beste kvinnelege artist, TV/Film/Nett»
  • Nominert til Gullruten 2013 i klassen «publikumsprisen»
  • Nominert til Gullruten 2013 i klassen «beste kvinnelege programleiar» for Torsdag kveld fra Nydalen
  • Nominert til Gullruten 2014 i klassen «beste kvinnelege programleiar» for Else
  • Nominert til Komiprisen 2015 i klassen «årets morosamste» for Det er lov å være blid
  • Nominert til Komiprisen 2016 i klassen «årets kvinnelege TV-komikar» for Det er lov å være blid
  • Nominert til Gullruten 2016 i klassen «publikumsprisen» for Det er lov å være blid
  • Tildelt Åpenhetsprisen for 2018[13]
  • Vann Gullruten 2019 i klassen «beste programleiar» for Else om: selvmord
  • Nominert til Gullruten 2019 i klassen «publikumsprisen»
  • Tildelt Fredrikkeprisen 2019[14]
  • Vann Gullruten 2020 i klassen «beste programleiar - underhaldning» for Else om: barn
  • Vann Gullruten 2021 i klassen «beste programleiar - underhaldning» for Kåss til kvelds

Familie endre

Else Kåss Furuseth er tremenning av legen og politikaren Robin Martin Kåss, som i 2015 vart ordførar i Porsgrunn.[15]

Kjelder endre

  1. «Mer bling fra Jessheim» (på norsk). 14. september 2006. Henta 18. januar 2021. 
  2. «Gratulerer | Forestilling | Nationaltheatret» (på norsk). Henta 17. juli 2021. 
  3. AS, TV 2. «Morten Ramm ut av Torsdag kveld fra Nydalen» (på norsk). Arkivert frå originalen 11. mars 2016. Henta 18. januar 2021. 
  4. Blir Dagbladet-spaltist Kampanje, 20. august 2012
  5. «Ærespris til Else Kåss Furuseth». NRK.no. 6. desember 2012. Henta 6. desember 2012. 
  6. «Showpremiere: Heidundrende heite damer». Henta 8. november 2015. 
  7. «Det er lov å være blid med Else». Henta 8. november 2015. 
  8. «Else Kåss Furuseth går fra TV 2 til TVNorge». 30. august 2016. Henta 29. juli 2017. 
  9. «Vinnere av Gullruten 2019». 11. mai 2019. Henta 11. mai 2019. 
  10. «Dette er årets Gullruten-vinnere». 18. juni 2020. Henta 19. juni 2020. 
  11. «Fra alvor til humor: Else Kåss Furuseth får et nytt lørdagsshow». 21. januar 2020. Henta 7. juni 2020. 
  12. «Dette er årets Gullruten-vinnere». 8. mai 2021. Henta 9. mai 2021. 
  13. NTB. «Else Kåss Furuseth får Åpenhetsprisen 2018». Nettavisen (på norsk). Henta 7. mai 2019. 
  14. «Fredrikkeprisen | Norske Kvinners Sanitetsforening». sanitetskvinnene.no. Henta 13. april 2020. 
  15. «Ordfører Robin Martin Kåss har invitert tremenning Else Kåss Furuseth til Porsgrunn for å snakke om psykisk helse.» (på norsk). Henta 9. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Else Kåss Furuseth