66°08′55″N 13°34′40″E / 66.14861°N 13.57778°E / 66.14861; 13.57778

Elsfjord inst i Elsfjorden

Elsfjorden er ein fjordarm av Ranfjorden i Vefsn kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 8 km sørover til Elsfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Hattneset i søraust og Skarpsundet i nordvest. Skarpsundet ligg på vestsida av Hemneshalvøya. Austover frå Hattneset går Sørfjorden.

Nordlandsbanen går langs austsida av fjorden. På vestsida av fjorden ligg Fuglstranda med Elsfjord naturreservat, eit skogområde som er freda gjennom verneplanen for barskog.