Dill er ei elv sentralt i Hessen i Tyskland, og ei av sideelvane til Lahn frå høgre. Ho har sitt utspring 567 meter over havet nord for Haiger-Offdilln på austsida av Haincher Höhe, som ligg mellom Rothaargebirge og Westerwald. Elva renn gjennom Lahn-Dill-Kreis i Hessen, som er kalla opp etter elva, så sørover gjennom Dillenburg og Herborn, før ho munnar ut i Lahn ved Wetzlar.

Dill
elv
Dill in Dillenburg.jpg
Dill i Dillenburg
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Lengd 55 km
Kjelde Mellom Rothaargebirge og Westerwald
Munning Lahn

Elva Dill
50°50′29″ N 8°13′1″ E
Wikimedia Commons: Dill (Lahn)

Dill renn forbi mange stader som er kalla opp etter ho, som Offdilln, Dillbrecht og Fellerdilln.

Dei største sideelvane til Dill er Roßbach, Haigerbach, Aubach, Donsbach, Dietzhölze, Nanzenbach, Schelde, Aar, Ambach, Rehbach, Lemp og Blasbach.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra