Elvar på Irland
Den største elva på Irland er Shannonelva med ei lengd på 386 km. Ho er òg den lengste elva på alle Dei britiske øyane, og skil Irland i ein vestleg og ein austleg del. Elva renn gjennom dei tre store innsjøane Lough Allen, Lough Ree og Lough Derg. Ho munnar ut i Atlanterhavet ved byen Limerick. Andre store elvar er Liffey, Lee på Irland, Swilly, Blackwater, Nore, Suir, Barrow og Boyne
Dei irske vassvegane har vorte nytta som transport sidan tidleg i historia. Vikingane nytta elvane til plyndringstokt langt inne i landet. På 1800-talet vart det bygd kanalar frå Shannonelva til Dublin. Dei var viktige transportårer før jernbanen tok over. Av store kanalar på Irland finne in Grand og Royal kanal.
Elvar
endreDette er ei liste over elvar på heile Irland, dvs både i Nord-Irland og i Republikken Irland.