Elvebrott
Elvebrott er særleg kraftige utslag av den gravande eller eroderande effekten til ei elv. Dette vil som regel finna stad ved flaum og berre i strok der elvebreiddene består av lause jordartar. Elva undergrev breidda slik at det rasar ut, og ho kan bryte igjennom og ta nytt løp. Gravinga skjer særleg på yttersida av elvesvingar, der vatnet har den største farten.
Elvebrott kan gjere stor skade på dyrka jord og på busetnad, vegar og jarnbaner, slik som på Tretten i Gudbrandsdalen våren 1995. Som vern mot elvebrott blir det lagt forstøytingsmurar langs elvebreidda, og ved regulering kan svingane elveløp rettast ut.
Kjelder
endre- Elvebrott. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013 frå http://snl.no/elvebrott.