Elvis Costello
Elvis Costello, fødd Declan Patrick MacManus (fødd 25. august 1954) er ein britisk musikar frå London. Mellom hans mest kjende låtar er Watching the Detectives (1977), Radio Radio (1978) og Oliver's Army (1979).
Elvis Costello | |||
| |||
Fødd | 25. august 1954 (70 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London | ||
Fødenamn | Declan Patrick MacManus | ||
Alias | |||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1970– | ||
Sjanger | New wave, punkrock[3] pubrock[4] | ||
Instrument | Vokal, gitar, keyboard, bass, trommer | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som | songar, gitarist, låtskrivar, musikkprodusent | ||
Far | Ross McManus | ||
Gift med | Diana Krall | ||
Sambuar med | Cait O'Riordan | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame, Americana Lifetime Achievement Award for Songwriting, offiser av Den britiske imperieordenen |
Costello gav ut si fyrste plate i 1977. På dei fyrste platene var Costello påverka av punk og new wave, men musikken var meir forfina og forseggjort enn den reine punken. Sidan har han presentert seg i ei rad med sjangrar, mellom anna i blues og country. Han har samarbeidd med komponistar som Burt Bacharach og særleg Paul McCartney, gitt ut album saman med ei rekke kjende musikarar og produsert plater for mellom andre The Specials og The Pogues.
Costello var ei av drivkreftene for Rock Against Racism og gav ut fleire plater der han ytra skarp kritikk mot Margaret Thatcher og regjeringa ho leia, spesielt om Falklandskrigen.
Sidan desember 2003 har han vore gift med jazzmusikaren Diana Krall. Paret har to tvillinggutar saman.
Diskografi
endreElvis Costello
- My Aim Is True (1977)
- Spike (1989)
- Mighty Like a Rose (1991)
- Brutal Youth (1994)
- Kojak Variety (1995)
- North (2003)
- Il Sogno (2004)
- My Flame Burns Blue (2006)
Elvis Costello and the Attractions
- This Year's Model (1978)
- Live at the El Mocambo (1978)
- Armed Forces (1979)
- Get Happy!! (1980)
- Trust (1981)
- Almost Blue (1981)
- Imperial Bedroom (1982)
- Punch the Clock (1983)
- Goodbye Cruel World (1984)
- Blood and Chocolate (1986)
- All This Useless Beauty, (1996)
Elvis Costello and The Confederates and The Attractions
- King of America (1986)
Elvis Costello med Richard Harvey
- G.B.H. (1991)
- Jake's Progesss (1995)
Elvis Costello and the Brodsky Quartet
- The Juliet Letters (1993)
Elvis Costello med Bill Frisell
- Deep Dead Blue (1995)
- The Sweetest Punch (1998)
Elvis Costello med Steve Nieve
- Costello & Nieve (1996)
Elvis Costello med John Harle
- Terror & Magnificence (1997)
Elvis Costello med Burt Bacharach
- Painted from Memory (1998)
Elvis Costello med Anne-Sofie von Otter
- For the Stars (2001)
Elvis Costello and the Imposters
- When I was Cruel (2002)
- Cruel Smile (2002)
- The Delivery Man (2004)
Elvis Costello med Marian McPartland
- Piano Jazz (2005)
Elvis Costello med Allen Toussaint
- The River in Reverse (2006)
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Thrills, Adrian (25 October 2012). «'The fact he's my husband didn't enter into it': Diana Krall on why she decided to work with Elvis Costello on her new record». Daily Mail. Henta 21 September 2014.
- ↑ in the track credits for The Juliet Letters
- ↑ Barsky, Alice (11 September 2015). «Elvis Costello to Release Soundtrack Album to His Upcoming Memoir». Paste. Henta 19 December 2015.
- ↑ Carr, Roy. "Pub Rock". NME. 29 October 1977.
- Denne artikkelen bygger på «Elvis Costello» frå Wikipedia på bokmål, den 20. juli 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Elvis Costello» frå Wikipedia på svensk, den 20. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- allmusic.com[daud lenkje] - detaljert diskografi