Adele Emeli Sandé (fødd 10. mars 1987), kjend som Emeli Sandé, er ein engelskfødd skotsk songar og låtskrivar.

Emeli Sandé

Fødd10. mars 1987 (37 år)
FødestadSunderland
AliasRio Sandé
OpphavStorbritannia
Aktiv2008–
Sjangersoul, rhythm and blues, moderne R&B
Instrumentvokal
Stemmetypesopran
PlateselskapVirgin
Verka somsongar-låtskrivar, songar, plateartist
PrisarJames Joyce-prisen, Brit Award for British Female Solo Artist, medlem av Den britiske imperieordenen

Sandé blei fødd med britisk mor og zambisk far i Sunderland i Tyne and Wear i England. Ho voks opp i Alford i Aberdeenshire i Skottland. I 2012 gifta ho seg med marinbiologen Adam Gouraguine frå Montenegro, men paret skilde seg etter kort tid.[1]

Emeli Sandé blei fyrst kjend for eit større publikum i 2012 gjennom opptredenane sine på både opnings- og avslutningsseremoniane ved OL i London dette året.

Debutalbumet hennar Our Versjon of Events kom ut i 2012, og var ein stor suksess. Det selte i over 4,5 millionar eksemplar. Our Versjon Of Events var det mest selde albumet i Storbritannia under 2012 og det andre mest selde albumet i 2013. Albumet låg sju veker i rekke på fyrsteplassen på den britiske albumlista og 63 veker på Topp 10, og slo dermed rekorden for flest tal veker i Topp 10 på albumlista for eit debutalbum. Ho slo dermed The Beatles sine 50 år gamle rekordar.[2] Our Versjon Of Events selte mellom anna til gull i USA og Australia, Platina i Frankrike, Tyskland, Nederland, Sverige og Sveits.[3]

Emeli Sandé har vunne fleire BRIT-Awards og selt over 7 millionar singlar. Ho har skrive låtar til Rihanna, Alicia Keys og Katy Perry.[4]

Kjelder endre

  1. «skild». Henta 20161030. 
  2. «emeli sande». Arkivert frå originalen 30. oktober 2016. Henta 20161030.  Arkivert 2016-10-30 ved Wayback Machine.
  3. «emeli». Arkivert frå originalen 30. oktober 2016. Henta 20161030.  Arkivert 2016-10-30 ved Wayback Machine.
  4. «Emeli». Arkivert frå originalen 30. oktober 2016. Henta 20161030.  Arkivert 2016-10-30 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Emeli Sandé