Emilie Hegh Arntzen
Emilie Hegh Arntzen (fødd 1. januar 1994) er ein norsk handballspelar som sidan 2021 spelar på CSM București. Ho vart europameister med Noreg både i 2014, 2016 og 2022, og vart verdsmeister i 2021. Perioden 2014-22 deltok ho i 148 landskampar og skåra 228 mål. Hanne Hegh er mor hennar.
Emilie Hegh Arntzen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. januar 1994 (30 år) Skien kommune |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2016 |
Klubbspel
endreArntzen var rykkrom-spelar i Gjerpen IF på nivå to og tre i norsk seriehandball i tida frå 2010 til 2014. Frå 2014 til 2017 var ho ein målfarleg skyttar på toppserielaget Byåsen IL. Åra frå 2017 til -21 spelte Arntzen på IK Våg, det suverene topplaget i Noreg. Ho avslutta tida i Våg/Vipers med å vinne IHF-meisterligaen 2021.
Landslagsspel
endreArntzen debuterte på det norske landslaget i 2014. Ho deltok for Noreg då laget vann europameisterskapen 2014, men fekk ikkje plass i VM-troppa 2015. I 2016 vann ho fyrst bronsemedalje under Sommar-OL i Rio de Janeiro, før ho fire månader seinare vart europameister for andre gong då Noreg slo Nederland med eitt mål i EM-finalen i Göteborg.
Merittar landslag
endre- EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania
- OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland
- EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland
- VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike
- EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige
- VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland
- EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike
- VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike
- EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Emilie Hegh Arntzen» frå Wikipedia på bokmål, den 14. januar 2017.