Emirat er ei politisk eining styrt av eit dynasti av herskarar med tittelen emir.[1] Desse er vanlege i den arabiske og muslimske verda, der til dømes Dei sameinte arabiske emirata er ein stat danna av sju emirat.

Ordsoge endre

Emirat eller amirat (إمارة imārah, plural: إمارات imārāt) kan visa til stillinga eller myndeområdet til ein emir (prins, kommandan, guvernør o.l.). I[2]

Som monarki endre

Dei sameinte arabiske emirata er ein føderal stat sett saman av sju emirat som kvar blir styrt av ein arve-emir. Saman dannar desse ei valkollegium for presidenten og statsministeren i landet. Elles har dei fleste emirata anten forsvunne, blitt del av ein større moderne stat eller endra tittelen til herskarane sine, til dømes til malik (arabisk for 'konge') eller sultan, så denne typen emirat er no svært sjeldan.

Som provinsar endre

På arabisk kan omgrepet generaliserast til å visa til ein kvar provins i eit land som er styrt av eit medlem av herskarklassen, særleg eit medlem av kongefamilien (vanlegvis med tittelen «emir») som i regionar i Saudi-Arabia.

Noverande emirat endre

 
Kart som viser Kuwait (raud), Qatar (grøn) og emirata i Dei sameinte arabiske emirata.

Noverande sjølvstendige emirat:

Tidlegare og tradisjonelle emirat endre

Emirat som anten har opphøyrd å eksistera, ikkje er anerkjende eller ikkje har noka reell makt, eller som er blitt del av større statar og haldne ved hevd som «tradisjonelle statar», ordna etter stat og tida den fyrste leiaren blei kalla «emir».

Afrika endre

Ghana endre

Niger endre

Nigeria endre

  • Fika-emiratet, nordaustlege Nigeria 1400-talet– (integrert)
  • Gwandu-emiratet, nordvestlege Nigeria 1400-talet til 2005 (integrert og så avsett)
  • Kebbi-emiratet, nordvestlege Nigeria 1516– (integrert)
  • Borgu-emiratet, vestsentrale Nigeria, danna frå Bussa-emiratet 1730–1954 og Kaiama-emiratet 1912–54, sameint 1954– (integrert)
  • Gumel-emiratet, nordsentrale Nigeria 1749– (integrert)
  • Yauri-emiratet, nordvestlege Nigeria 1799– (integrert)
  • Gombe-emiratet, nordaustlege Nigeria 1804– (integrert)
  • Kano-emiratet, nordsentrale Nigeria 1805– (integrert)
  • Bauchi-emiratet, nordaustlege Nigeria 1805– (integrert)
  • Daura-emiratet, nordsentrale Nigeria tidvis frå 1805– (integrert)
  • Katagum-emiratet, nordsentrale Nigeria 1807– (integrert)
  • Zaria-emiratet, nordsentrale Nigeria 1808– (integrert)
  • Potiskum-emiratet, nordaustlege Nigeria 1809– (integrert)
  • Adamawa-emiratet, Aust-Nigeria og tidlegare inn i vestlege Kamerun 1809– (integrert where preserved)
  • Ilorin-emiratet, sørvestlege Nigeria 1817– (integrert)
  • Muri-emiratet, austsentrale Nigeria 1817– (integrert)
  • Kazaure-emiratet, nordsentrale Nigeria 1819– (integrert)
  • Lapai-emiratet, sentrale Nigeria 1825– (integrert)
  • Suleja-emiratet, sentrale Nigeria 1828– (integrert)
  • Agaie-emiratet, vestsentrale Nigeria 1832– (integrert)
  • Bida-emiratet, vestsentrale Nigeria 1856– (integrert)
  • Kontagora-emiratet, nordsentrale Nigeria, 1858– (integrert)
  • Borno-emiratet, nordaustlege Nigeria 1900– (integrert)
  • Dikwa-emiratet, nordaustlege Nigeria 1901– (integrert)
  • Biu-emiratet, nordaustlege Nigeria 1920– (integrert)

Nord-Afrika endre

Asia endre

Arabia endre

  • Uyunid-emiratet, Den arabiske halvøya 1076–1253
  • Emiratet Beihan, dagens sørlege Jemen 1680–1967
  • Emiratet Diriyah, hovudsakleg i dagens Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata 1744–1818
  • Emiratet Nejd, Aust-Arabia 1818–91
  • Emiratet Dhala, dagens sørlege Jemen, tidleg 1800-talet til 1967
  • Emiratet Jabal Shammar, nord-sentrale Arabia 1836–1921
  • Emiratet Nejd og Hasa, sentrale Arabia 1902–21
  • Idrisid Emiratet Asir, Jizan i dagens sørvestlege Saudi-Arabia 1906–34
  • Emiratet Mekka, Hejaz i dagens Saudi-Arabia 1916–24 (ibn Saud-familien, frå han blei anerkjend av dei allierte som emir til kongetittelen blei endra)
  • Emiratet Bahrain, 1971–2002 (før var det styrt av ein hakim; seinare av ein malik)
  • Al-Qaida-emiratet i Jemen i det indre av Jemen, knytt til Al-Qaida på den arabiske halvøya (særleg i Hadramaut guvernement)
  • Emirat i Saudi-Arabia, dei tretten provinsane i Saudi-Arabia

Sentral- og Sør-Asia endre

  • Emiratet Bukhara, dagens Usbekistan 1785–1920
  • Emiratet Afghanistan, Afghanistan 1823–1929
  • Khotan-emiratet, 1933 Nordvest-Kina, gjekk inn i Den fyrste aust-turkestanske republikken
  • Det islamske emiratet Afghanistan, Taliban-staten i Afghanistan 1996–2001
  • Det islamske emiratet Waziristan, vestlege Pakistan 2004–2014 (oppløyst)

Det nære Austen endre

  • Emiratet Mosul, dagens Irak 905–1096, 1127–1222, 1254–1383, 1758–1918
  • Emiratet Melitene, dagens sentrale Tyrkia, midten av 800-talet til 934
  • Emiratet Amida, dagens Aust-Tyrkia 983–1085
  • Karaman-emiratet, sør-sentrale Anatolia 1250–1487
  • Emiratet Aydin, stat danna av Oghuz-tyrkarar i dagens Tyrkia frå tidleg 1300-tal til 1390
  • Emiratet Dulkadir, dagens Aust-Tyrkia 1337–1522
  • Emiratet Ramazan, dagens Aust-Tyrkia 1352–1608
  • Timuride-emirata, riket til Timur Lenk og dei mindre emirata som var att etter at Timuridedynastiet fall, 1526-c.1550
  • Soran-emiratet, dagens nordlege Irak 1816–35
  • Az Zubayr, by i Basra guvernement i Irak på 1800-talet
  • Emiratet Transjordan, dagens Jordan 1921–46

Europa endre

Kaukasus endre

Iberia endre

Middelhavsregionen endre

  • Emiratet Kreta på Kreta, dagens Hellas, 824 eller 827/828 to 961
  • Emiratet Bari, byen Bari i sørlege Italia 847–871
  • Emiratet Malta, 870–1091
  • Emiratet Sicilia, Sicilia 965–1072

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «The definition of emirate». Dictionary.com. 
  2. Wells, John C. (2008), Longman Pronunciation Dictionary (3. utg.), Longman, ISBN 9781405881180