Emma Lee Bunton (fødd 21. januar 1976 i Finchley i London) er ein engelsk songar, låtskrivar, skodespelar og programleiar på radio og fjernsyn. Ho er best kjent som ein av dei fem medlemmane i bandet Spice Girls, der ho hadde kallenamnet «Baby Spice».

Emma Bunton

Fødd21. januar 1976 (48 år)
FødestadFinchley
FødenamnEmma Lee Bunton
AliasBaby Spice
OpphavStorbritannia
Aktiv1994 til i dag
SjangerPop, dansepop
Tilknytte artistarSpice Girls
PlateselskapVirgin Records
19 Entertainment
Universal Records
Verka somsongar, låtskrivar, skodespelar
Gift medJade Jones

Debutalbumet til Bunton, A Girl Like Me, vart gjeve ut i Storbritannia den 16. april 2001 av Virgin Records. Albumet debuterte og nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart, og vart sertifisert gull av British Phonographic Industry for sal på over 100 000 eksemplar. Albumet inneheldt singelen «What Took You So Long?», som nådde førsteplassen i Storbritannia i New Zealand, og òg singlar «What I Am», «Take My Breath Away» og «We're Not Gonna Sleep Tonight».

Det andre albumet til Bunton, Free Me, vart gjeve ut i 2004 av 19 Entertainment og Universal Records. Det vart gjeve ut fire singlar frå albumet: «Free Me», «Maybe», «I'll Be There» og «Crickets Sing for Anamaria».

Etter utgjevinga av det tredje albumet sitt, Life in Mono, gjekk Bunton saman med Spice Girls i 2007 for ein internasjonal turné og eit samlealbum. Frå 2003 til 2013 hadde Bunton ei gjentakande rolle i komedieserien Absolutely Fabulous. Ho opptredde ved avslutningsseremonien til Sommar-OL 2012 den 12. august 2012 med Spice Girls. Dette var siste gong at bandet opptredde alle fem. I 2016 gjekk Bunton saman med Geri Halliwell og Melanie Brown som Spice Girls.

Diskografi endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Emma Bunton