Emma Charlotte Duerre Watson (fødd 15. april 1990)[2] er ein britisk skodespelar, modell og aktivist.[3] Watson blei fødd i Paris og voks opp i Oxfordshire, der ho var elev ved Dragon School og Stagecoach Theatre Arts i Oxford. Som barn blei ho kjend for rolla som Hermine Grang i Harry Potter-filmane, den første profesjonelle rolla si.[4] Watson spelte i alle dei åtte Harry Potter-filmane frå 2001 til 2011, og blei både verdskjend, kritikarrost og velståande, med ei inntekt på rundt 60 millionar dollar.[5]

Emma Watson

Watson i 2013.
Fødd15. april 1990 (34 år)
FødestadParis[1]
FødenamnEmma Charlotte Duerre Watson
Aktive år2001-no
Verka somSkodespelar og modell
SambuarGeorge Craig, Johnny Simmons
Kjende rollerHermine Grang i Harry Potter
PrisarYoung Artist Award for Best Leading Young Actress in a Feature Film, Teen Choice Award for Choice Movie Actress - Sci-Fi/Fantasy, Teen Choice Award for Choice Movie: Liplock, Teen Choice Award for Choice Summer Movie Star: Female

Watson heldt fram som skodespelar med filmar som Ballet Shoes (2007), The Tale of Despereaux (røyst, 2008), My Week with Marilyn (2011), The Perks of Being a Wallflower (2012) The Bling Ring (2013) og Noah (2014).[6] I 2017 spelte ho hovudrolla Belle i gjenskapinga av disneyfilmen Beauty and the Beast (Skjønnheten og udyret). Som modell har Watson arbeidd for Burberry og Lancôme.[7][8] Ho har også desiga klede for People Tree.[9] I 2014 blei Watson æra av British Academy of Film and Television Arts (BAFTA) då ho vann British Artist of the Year[10] Same året blei ho utnemnd til goodwill-ambassadør for UN Women og var med på å opna kampanjen deira HeForShe, som ber menn om å kjempa for kjønnslikestilling.[11]

Bakgrunn endre

Emma Watson blei fødd i Paris som dotter av dei britiske advokatane Jacqueline Luesby og Chris Watson.[2][12][13] Watson budde i Paris til ho var fem år. Foreldra skilte seg då ho var ung, og etter skilsmissa deira, flytta ho med mora og den yngre broren til Oxfordshire. I helgene var ho hos faren sin i London.[2][14] Watson har uttalt at ho snakkar litt fransk, men «ikkje like bra» som før.[15]

Etter å ha flytta til Oxford med mora og broren sin, gjekk Watson på Dragon School i Oxford til 2003.[2] Frå ho var seks år ynskte ho å bli skodespelar,[16] og gjekk på Stagecoach Theatre Arts, ein deltids-teaterskule der ho studerte song, dans og skodespel.[17] Då ho var ti år, hadde ho opptredd i ulike Stagecoach-produksjonar og skole skodespel, t.d. Arthur: The Young Years og The Happy Prince.[18] Etter Dragon School byrja Watson på Headington School, som òg er i Oxford.[2]

Karriere og utdanning endre

 
Watson på premieren til Harry Potter og Ildbegeret, november 2005.
 
Watson saman med Daniel Radcliffe og Rupert Grint på premieren til filmen Harry Potter og Dødstalismanene - del 2.

Leitinga etter skodespelarar til den første Harry Potter-filmen byrja i 1999. Castingpersonellet fann Watson gjennom teaterinstruktøren hennar i Oxford, og produsentane blei imponerte av sjølvsikkerheiten hennar. Etter åtte auditionar fortale produsenten David Heyman Watson og to andre håpefulle, Daniel Radcliffe og Rupert Grint, at dei var blitt valde ut til å spela rollene som Hermione Granger, Harry Potter og Ron Weasley. Harry Potter-forfattaren J.K. Rowling støtta Watson frå hennar første prøveinnspeling.[16]

Harry Potter and the Philosopher's Stone kom ut i 2001 sette filmen rekordar for premieresal og inntekter i opningshelga, og var filmen med høgast inntekter det året.[19][20] Dei tre barna i hovudrollene fekk gode kritikkar, og Watson blei fleire gonger gjeven særkild ros.[21][22] Watson blei nominert til fem prisar for opptredenen sin, og vann Young Artist Award for «Leading Young Actress».[23]

På filmsettet blei ho og jamaldringane undervist i opptil fem timar om dagen.[24] I juni 2006 tok ho GCSE-eksamen i ti fag, og fekk toppkarakterar, åtte A* og to A-ar.[2][25]

I juli 2007 blei det hevda at Watson gjennom arbeidet i Harry Potter-serien hadde tent inn over 10 millionar pund, og ho uttalte at ho aldri ville trenga å arbeida for pengar at.[26] I mars 2009 blei ho rangert som nummer 6 på Forbes si liste over Most Valuable Young Stars,[27] og i februar 2010 blei ho omtalt som den best betalt kvinnelege stjerna i Hollywood etter å ha tent det ein rekna med var 19 millionar pund i 2009.[28]

Trass suksessen til Order of the Phoenix var framtida til Harry Potter-filmane lenge i tvil, ettersom alle dei tre hovudrolleinnegavarane nølte med å binda seg til å spela inn dei to siste filmane.[29] Daniel Radcliffe signerte til slutt kontrakten for filmane 2. mars 2007,[29] men Watson var framleis usikker.[30] Ho forklarte at det var eit viktig val, ettersom innspelinga av filmane ville ta opp ein periode på fire år, men til slutt gjekk med på at ho aldri kunne gje slepp på rolla som Hermione.[31] Ho skreiv kontrakt for rolla 23. mars 2007.[32]

 
Watson ved Filmfestivalen i Cannes i 2013.

Etter end grunnskule tok Watson eit pauseår[33] for å filma Harry Potter and the Deathly Hallows frå februar 2009.[34] Ho blei student ved Brown University i Providence i Rhode Island.[35] I mars 2011, etter 18 månader ved universitet, kunngjorde Watson at ho kom til å utsetja eit semester eller to,[36] men vitja Worcester College i Oxford i skuleåret 2011–12.[37] I eit intervju med Ellen DeGeneres sa Watson at det tok henne fem år i staden for fire å fullføra på grunn av skodespelarbeidet, som gjorde at ho utsette to heile semester.[38] 25. mai 2014 gjekk ho ut frå Brown University med ein bachelorgrad i engelsk litteratur.[39]

Motearbeid endre

I september 2009 kunngjorde Watson at ho var knytt til People Tree, eit klesmerke som driv med rettferdig handel.[9] Watson var kreativ rådgjevar for selskapet i samband med ein vårkollekjson som blei sloppen i februar 2010.[9][40] Kleda var mellom anna inspirerte av Sør-Frankrike ogLondon.[40][41] Watson vann Best British Style ved British Fashion Awards 2014.[42]

Kvinnerettsarbeid endre

I juli 2014 blei Watson utnemnd til goodwill-ambassadør av UN Women.[11] Ho hadde då allereie engasjert seg i utdanning for jenter gjennom besøk til Bangladesh og Zambia.[43] I september same året heldt ho ein tale ved hovudkvarteret til SN som opna kampanjen HeForShe.[44]

Filmar endre

År Filmtittel Rolle Regissør
2001 Harry Potter og de vises stein Hermine Grang Chris Columbus
2002 Harry Potter og Mysteriekammeret Hermine Grang
2004 Harry Potter og fangen fra Azkaban Hermine Grang Alfonso Cuarón
2005 Harry Potter og ildbegeret Hermine Grang Mike Newell
2007 Harry Potter og Føniksordenen Hermine Grang David Yates
2008 Historien om Despereaux Prinsesse Pea Røyst
2009 Harry Potter og Halvblodsprinsen Hermine Grang
2010 Harry Potter og Dødstalismanene del 1 Hermine Grang
2011 Harry Potter og Dødstalismanene del 2 Hermine Grang
2011 My Week with Marilyn Lucy
2012 The Perks of Being a Wallflower Sam
2013 This is the end Seg sjølv
2013 The Bling Ring Nicki
2014 Noah Ila Darren Aronofsky
2015 Colonia Lena Florian Gallenberger
Regression Angela Gray Alejandro Amenábar
2017 Beauty and the Beast Belle Bill Condon
The Circle Mae Holland James Ponsoldt
2019 Little Women Meg March Greta Gerwig

Fjernsyn endre

År Tittel Rolle Notar
2007 Ballet Shoes Pauline Fossil Fjernsynsfilm
2015 The Vicar of Dibley Reverend Iris Comic relief-episode

Musikkvideoar endre

År Tittel Rolle Musikarar
2010 Say You Don't Want It Hovudrolla One Night Only

Prisar og utmerkingar endre

År Organisasjon Pris Verk Resultat Ref.
2002 Saturn Award Best Young Actor Harry Potter and the Philosopher's Stone Nominert [45]
Empire Awards Best Debut (med Daniel Radcliffe og Rupert Grint) Nominert [46]
Young Artist Awards Best Performance in a Feature Film – Leading Young Actress Vinnar [23]
Best Ensemble in a Feature Film (shared with Rupert Grint and Tom Felton) Nominert
2005 Critics' Choice Movie Awards Best Young Actress Harry Potter and the Prisoner of Azkaban Nominert [47]
2006 Best Young Actress Harry Potter and the Goblet of Fire Nominert
Australian Kids' Choice Awards Favourite Female Movie Star Nominert [48]
MTV Movie Awards Best On-Screen Team Nominert [49]
2007 National Movie Awards Best Performance by a Female Harry Potter and the Order of the Phoenix Vinnar [50]
2008 Empire Awards Best Actress Nominert [51]
2010 People's Choice Awards Favorite On-Screen Team Harry Potter and the Half-Blood Prince Nominert [52]
MTV Movie Awards Best Female Performance Nominert [53]
Teen Choice Awards Choice Movie Actress: Fantasy Nominert [54]
2011 Capri Art Film Festival Awards Best Ensemble Cast Award My Week with Marilyn Vinnar [55]
Kids' Choice Awards Favorite Movie Actress Harry Potter and the Deathly Hallows – Part 1 Nominert [56]
People's Choice Awards Favorite Movie Star (Under 25) Nominert [57]
Empire Awards Best Actress Nominert [58]
National Movie Awards Performance of the Year Nominert [59]
MTV Movie Awards Best Female Performance Nominert [60]
Best Kiss (med Daniel Radcliffe) Nominert
Best Fight (med Daniel Radcliffe, Rupert Grint, Arben Bajraktaraj og Rod Hunt) Nominert
Teen Choice Awards Choice Movie: Actress Sci-Fi/Fantasy Vinnar [61]
Choice Movie: Liplock (med Daniel Radcliffe) Vinnar
Choice Summer Movie: Female Harry Potter and the Deathly Hallows – Part 2 Vinnar
2012 Kids' Choice Awards Favorite Movie Actress Nominert [62]
People's Choice Awards Favorite Ensemble Movie Cast Vinnar [63]
Favorite Movie Star (Under 25) Nominert
Saturn Awards Best Supporting Actress Nominert [64]
MTV Movie Awards Best Female Performance Nominert [65]
Best Kiss (med Rupert Grint) Nominert
Best Cast (med Daniel Radcliffe, Rupert Grint og Tom Felton) Vinnar
San Diego Film Critics Society Awards Best Supporting Actress The Perks of Being a Wallflower Vinnar [66]
Best Ensemble Performance Vinnar
Boston Society of Film Critics Awards Best Supporting Actress Runner-up [67]
2013 People's Choice Awards Favourite Drama Movie Actress Vinnar [68]
MTV Movie Awards Best Female Performance Nominert [69]
Best Kiss (med Logan Lerman) Nominert
Best Musical Moment (med Logan Lerman og Ezra Miller) Nominert
MTV Trailblazer Award Vinnar
Teen Choice Awards Choice Movie Actress: Drama Vinnar [70]
Choice Movie: Liplock (med Logan Lerman) Nominert
Choice Style Icon - Nominert
2014 People's Choice Awards Favorite Comedic Movie Actress This Is the End Nominert [71]
Teen Choice Awards Choice Movie Actress: Drama Noah Nominert [72]
Britannia Awards British Artist of the Year - Vinnar [73]
British Fashion Awards Best British Style - Vinnar [42]
2017 MTV Movie & TV Awards Best Performance in a Movie Beauty and the Beast Vinnar [74]
Best Kiss (med Dan Stevens) Nominert
Teen Choice Awards Choice Fantasy Movie Actress Vinnar [75]
Choice Movie Ship (med Dan Stevens) Vinnar
Choice Liplock (med Dan Stevens) Vinnar
Choice Drama Movie Actress The Circle Vinnar
2018 Golden Raspberry Awards Worst Actress Nominert [76]
Empire Awards Best Actress Beauty and the Beast Nominert [77]
Kids' Choice Awards Favorite Movie Actress Nominert [78]
Saturn Awards Best Actress Nominert [79]
People's Choice Awards Style Star of 2018 - Nominert [80]

Kjelder endre

  1. Emma Watson på IMDb
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Life & Emma». Official website. Arkivert frå originalen 21. april 2010. Henta 16. april 2010. 
  3. «Check If You're a British Citizen». United Kingdoms Government. UK Government Digital Service. Arkivert frå originalen den 31. mai 2014. Henta 23. april 2014. «(If you were born on or after 1 January 1983 and before 1 January 2006 to parents married and British 'not by descent') in most cases you'll be a British citizen 'by descent'.» 
  4. «Daniel Radcliffe, Rupert Grint and Emma Watson to Reprise Roles in the Final Two Instalments of Warner Bros. Pictures' Harry Potter Film Franchise» (Press release). Warner Bros. 23. mars 2007. Arkivert frå originalen den 2. april 2007. Henta 23. mars 2007. 
  5. Sager, Rebekah (21. mars 2017). «Beauty and the Beast breaks records: Is Emma Watson now Hollywood’s most sought after actress?». The Hollywood Reporter. Arkivert frå originalen den 26. april 2017. Henta 3. april 2017. 
  6. «Emma Watson Gets Biblical With Darren Aronofsky's 'Noah'». indiewire.com. 7. juni 2012. Arkivert frå originalen 16 June 2012. Henta 24. juli 2012. 
  7. «Go Behind the Scenes with Emma Watson on the Burberry Shoot». Vogue News. jui 2009. Arkivert frå originalen 3. september 2014. Henta 22. juni 2014. 
  8. Oliver, Dana (14 March 2011). «Emma Watson Named New Face of Lancome». The Huffington Post. Arkivert frå originalen den 4. september 2011. Henta 2. september 2011. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Holmes, Rachael (17. september 2009). «Emma Watson launches ethical fashion range with People Tree». The Guardian (UK). Arkivert frå originalen den 21 August 2013. Henta 17. april 2010. 
  10. King, Susan (31. oktober 2014). «At BAFTA Event, Emma Watson Dedicates Award to Her Long Dead Hamster». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen den 31. oktober 2014. Henta 31. oktober 2014. 
  11. 11,0 11,1 «Emma Watson named UN Women Goodwill Ambassador». The Independent. 8 July 2014. Arkivert frå originalen den 9 July 2014. 
  12. «Warner Bros. Official site». (Flash: click appropriate actor's image, click "Actor Bio"). harrypotter.warnerbros.co.uk. Henta 28 March 2006. 
  13. Barlow, Helen. «A life after Harry Potter». The Sydney Morning Herald. Henta 16. mars 2006. 
  14. Self, Will (17. august 2012). «Emma Watson, The Graduate». The New York Times. 
  15. Q&A with Emma Watson – The Hour Publishing Company: Entertainment News
  16. 16,0 16,1 Watson, Emma. «Emma». Emma Watson's Official Website. Henta 3. august 2007. 
  17. Reece, Damian (4. november 2001). «Harry Potter drama school to float». The Daily Telegraph (UK). Henta 8 March 2010. 
  18. Watson, Emma. «Emma & Screen». Official Website. Arkivert frå originalen 14. desember 2013. Henta 16 April 2010. 
  19. «Harry Potter magically shatters records». Hollywood.com. 18 November 2001. Arkivert frå originalen den 2. oktober 2007. Henta 21 September 2007. 
  20. «2001 Worldwide Grosses». Box Office Mojo. Arkivert frå originalen den 10. april 2007. Henta 29. mai 2007. 
  21. Hiscock, John (4. november 2007). «Magic is the only word for it». The Daily Telegraph (UK). Arkivert frå originalen den 1 June 2008. Henta 23. september 2007. 
  22. Linder, Brian (17. november 2001). «Review of Harry Potter and the Sorcerer's Stone». IGN. Arkivert frå originalen 29 December 2007. Henta 23. september 2007. 
  23. 23,0 23,1 «2002 nominations and winners». Young Artist's Awards. Arkivert frå originalen 5. september 2014. Henta 13. september 2007. 
  24. Muir, Kate (15. mai 2004). «Cast Interviews». The Times (UK). Henta 12. januar 2008. 
  25. «Pupils "sitting too many GCSEs"». BBC News. 24. august 2006. Henta 27. mai 2007. 
  26. Peck, Sally (10. juli 2007). «Harry Potter's Sidekick 'Rich Enough To Retire'». The Telegraph (London). Arkivert frå originalen den 31. mars 2014. Henta 25. februar 2014. 
  27. Burman, John (10 March 2009). «In Pictures: Hollywood's Most Valuable Young Stars». Forbes. Arkivert frå originalen den 15. april 2009. Henta 18. april 2009. 
  28. «Harry Potter star Emma Watson is top-earning actress». BBC News. 5 February 2010. Arkivert frå originalen den 16. mai 2014. Henta 5. februar 2010. 
  29. 29,0 29,1 «Harry Potter Will Be Played By Daniel Radcliffe in Final Two Flicks». MTV. 2. mars 2007. Arkivert frå originalen den 10. mai 2009. Henta 18. april 2009. 
  30. «Will Harry Potter lose one of its stars?». Newsweek. 2. oktober 2006. Arkivert frå originalen 5. oktober 2006. Henta 25. september 2007. 
  31. «Hermione is back». news.com.au. 25. mars 2007. Arkivert frå originalen den 11 May 2009. Henta 12. april 2009. 
  32. Edidin, Peter (24. mars 2007). «Gang's all here». The New York Times. Arkivert frå originalen den 3. september 2014. Henta 12. april 2009. 
  33. Tibbetts, Graham (14. august 2008). «A-levels: Harry Potter actress Emma Watson gets straight As». The Daily Telegraph (UK). Henta 10. desember 2008. 
  34. Olly Richards (14 March 2008). «Potter Producer Talks Deathly Hallows». Empire. Arkivert frå originalen den 10 July 2011. Henta 14 March 2008. 
  35. Ford, James (14. juli 2009). «Catching up with Emma Watson». Paste. Arkivert frå originalen den 16. juli 2009. Henta 15. juli 2009. 
  36. «Message from Emma». Emma Watson Official. 7. mars 2011. Arkivert frå originalen 8. mars 2011. Henta 15. september 2013. 
  37. «Harry Potter Star Emma Watson begins her year at Oxford University!». Oxford Royale Academy. 21. oktober 2011. Arkivert frå originalen 3. oktober 2012. Henta 8. juli 2013. 
  38. Interview. Ellen (video posted to official YouTube channel). 24. mars 2014. Hendinga finn stad ved 02:12–02:58. Arkivert frå originalen den 2. mai 2014. Henta 3. mai 2014. 
  39. «Emma Watson Graduates from Brown University». The Telegraph (UK). 25. mai 2014. Arkivert frå originalen den 26. mai 2014. Henta 25. mai 2014. 
  40. 40,0 40,1 «People Tree». Official website. Arkivert frå originalen 25. april 2010. Henta 17. april 2010. 
  41. «People Tree collaborates with Emma Watson». Peopletreeyouth.co.uk. Arkivert frå originalen den 8. februar 2010. Henta 8. mars 2010. 
  42. 42,0 42,1 Sowray, Bibby (1. desember 2014). «Emma Watson Wins Award for Best British Style at Fashion Awards». Telegraph Media Group. Arkivert frå originalen den 13. desember 2014. Henta 2 December 2014. 
  43. «Emma Watson announces UN Women Goodwill Ambassador role». United Kingdom: BBC Newsbeat. 8. juli 2014. Arkivert frå originalen den 23. september 2014. Henta 21. september 2014. 
  44. «Emma Watson Gender Equality is Your Issue Too». UN Women (official transcript). 20. september 2014. Arkivert frå originalen den 24. september 2014. Henta 25 September 2014.  «Official video». Arkivert frå originalen 25. september 2014. 
  45. «Nominees for 28th Annual Saturn Awards». United Press International. 14. mars 2002. Henta 7. april 2017. 
  46. «Best Debut». Empireonline.co.uk. Arkivert frå originalen 2. februar 2003. Henta 18. desember 2015. 
  47. «Emma Watson». Microsoft.com. Henta 7. april 2017. 
  48. «Prepare to be slimed...as the Nickelodeon Kids' Choice Awards nominees are announced!» (PDF). sydentcent.com.au. 10. august 2006. Arkivert frå originalen (PDF) 12. oktober 2006. 
  49. Carroll, Larry (24 April 2006). «Alba, Carell, 'Crashers,' 'Virgin' Big Nominees For MTV Movie Awards». MTV. Arkivert frå originalen den 19. desember 2007. Henta 22. september 2007. 
  50. «National Movie Awards 2007 winners». BBC News. 29. september 2007. Arkivert frå originalen den 6. mars 2016. Henta 7. april 2017. 
  51. «Best Actress». Empire. 2008. Arkivert frå originalen den 16. september 2011. Henta 15. oktober 2011. 
  52. «Twilight Leads the People's Choice Awards Nominations». PopSugar. 10. november 2009. Arkivert frå originalen den 7. april 2017. Henta 7. april 2017. 
  53. «2010 MTV Movie Awards: Complete Winners List». MTV. Arkivert frå originalen den 2. januar 2016. Henta 7. april 2017. 
  54. Soll, Lindsay (14. juni 2010). «Teen Choice Awards 2010: First Round of Nominees Announced». MTV. Arkivert frå originalen den 4. mai 2016. Henta 7. april 2017. 
  55. «Shining cast of 'My Week with Marilyn' bestowed with 2011 Capri ensemble award». Capri, Hollywood International Film Festival. Capri World. 8 December 2011. Arkivert frå originalen 12. januar 2012. Henta 15. desember 2011. 
  56. «Kids' Choice Awards Nominees 2011». Digital Spy. 7. april 2017. 
  57. «Twilight Dominates People's Choice Nominations Once Again». PopSugar. 9. november 2010. Arkivert frå originalen den 7. april 2017. Henta 7. april 2017. 
  58. «Jameson Empire Awards Announce 2011 Nominees» (Press release). 24. februar 2011. Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 7. april 2017. 
  59. «Voting underway for 2011 National Movie Awards». UK Cinema Association. 4. april 2011. Henta 7. april 2017. 
  60. «MTV Movie Awards 2011 nominees». Entertainment Weekly. 3. mai 2011. Arkivert frå originalen den 7. april 2017. Henta 7. april 2017. 
  61. «Blake Lively Wins Choice TV Drama Actress The Teen Choice Awards! Here Are More Winners!». Hollywood Life. 7. Åugust 2011. Arkivert frå originalen den 9. mars 2016. Henta 23. mai 2016. 
  62. «Here's the 2012 Kid's Choice Nominees!». Seventeen Magazine. 17. februar 2012. Arkivert frå originalen den 3. oktober 2015. Henta 23. mai 2016. 
  63. «Nominations Announced for the 'People's Choice Awards 2012'». Tvbythenumbers.zap2it.com. 8. november 2011. Arkivert frå originalen den 3. januar 2016. Henta 26 February 2014. 
  64. «Saturn Award Nominations Announced; HUGO and HARRY POTTER Lead with 10 Nominations Each». Collider. 29 February 2012. Arkivert frå originalen den 16. april 2015. Henta 7. april 2017. 
  65. «MTV Movie Awards 2012: The winners in full». Digital Spy. 4. juni 2012. Henta 7. april 2017. 
  66. «Argo Leads San Diego Critics' Awards; Michelle Williams Surprise Winner For Waltz». Indiewire. 23 May 2016. Arkivert frå originalen den 13. desember 2012. 
  67. «"Zero Dark Thirty," Day-Lewis and Riva Top Boston Society of Film Critics Awards». Indiewire. 9. desember 2012. Arkivert frå originalen den 7. april 2017. 
  68. «Nominees Announced for the 'People's Choice Awards 2013'». Tvbythenumbers.zap2it.com. 15. november 2012. Arkivert frå originalen den 2. november 2013. Henta 26 February 2014. 
  69. «2013 MTV Movie Awards winners list». Entertainment Weekly. 4. april 2013. Arkivert frå originalen den 18. januar 2017. Henta 7. april 2017. 
  70. «Complete list of Teen Choice 2013 Awards winners». Los Angeles Times. 11. august 2013. Arkivert frå originalen 22. april 2014. 
  71. «People's Choice Awards: Fan Favorites in Movies, Music & TV». PeoplesChoice.com. Arkivert frå originalen den 30. november 2009. Henta 23. januar 2014. 
  72. «Teen Choice Awards Nominees For 2014 Announced». The Huffington Post. 18 June 2014. Arkivert frå originalen den 3. mars 2016. Henta 7. april 2017. 
  73. «Robert Downey, Jr. & Judi Dench Among BAFTA LA Britannia Awards Honorees». Deadline Hollywood. 18. september 2014. Arkivert frå originalen den 19. september 2014. 
  74. Knapp, JD (7 May 2017). «2017 MTV Movie and TV Awards: Complete Winners List». Variety. Arkivert frå originalen den 8. mai 2017. Henta 8. mai 2017. 
  75. Ramos, Dino-Ray (13 August 2017). «Teen Choice Awards 2017 Winners: 'Wonder Woman', 'Beauty And The Beast', 'Riverdale' Among Honorees». Deadline Hollywood. enske Business Media, LLC. Henta 14. august 2017. 
  76. Hooton, Christopher (22. januar 2018). «2018 Razzie awards: Emma Watson and Jennifer Lawrence among nominees for disservices to film». The Independent. Henta 5. februar 2018. 
  77. Ruby, Jennifer (19. januar 2018). «Empire Film Awards 2018: The Last Jedi leads the pack with nine nominations including Best Actress for Daisy Ridley». London Evening Standard. Henta 29. januar 2018. 
  78. Pedersen, Erik (26. februar 2018). «Nickelodeon Unveils 2018 Kids' Choice Awards Nominations». Deadline Hollywood. Henta 3 March 2018. 
  79. McNary, Dave (15. mars 2018). «'Black Panther,' 'Walking Dead' Rule Saturn Awards Nominations». Variety. Henta 16 March 2018. 
  80. USA TODAY Life staff (24. september 2018). «People's Choice Awards 2018: The nominees». USA Today (på engelsk). Henta 6. oktober 2018. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Emma Watson
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Emma Watson