Opna hovudmenyen

Emmanuel Petit

fransk fotballspelar

Emmanuel Laurent Petit (fødd 22. september 1970) er ein fransk tidlegare fotballsspelar frå Dieppe som vart verdsmeister 1998 og europameister 2000 med Frankrike.

Emmanuel Petit
Manu-Petit-2000.JPG
Fødd 22. september 1970
Dieppe
Yrke fotballspelar
Emmanuel Petit på Commons
Emmanuel Petit i 2005

KlubbspelEndra

Petit var forsvarspelar i AS Monaco frå 1989 til 1997. Han var med å vinne den franske cupfinalen i 1991 og vart så seriemeister i sin siste sesong med klubben. Sommaren 1997 vart han overført til London-klubben Arsenal FC, som då vart trena av Arsène Wenger, hans tidlegare sjef i Monaco.

I Arsenal vart Petit omskulert til defensiv midtbanespelar, ein posisjon han hadde resten av karrieren. I sin fyrste sesong hos Arsenal var han med på å vinne dobbelt, då laget gjekk til topps i både Premier League og FA-cupen. Etter tre år i Arsenal flytta han til FC Barcelona, der han hadde ein suksessfattig sesong. Allereie sommaren 2001 var han tilbake i London, men då hos byrivalen Chelsea FC. Han vart etter kvart benkeslitar og la opp i 2004.

LandslagsspelEndra

Petit deltok i verdsmeisterskapane i fotball 1998 og 2002, og i europameisterskapen 2002. Under verdsmeisterskapen 1998 på heimebane var han ein av dei store profilane på det franske landslaget som tok landets fyrste VM-tittel. Han skåra då sigersmålet i gruppespel-kampen mot Danmark, og i VM-finalen mot Brasil signerte han den siste målet i kampen, 3-0-målet. I tida 1990-2003 aksla Petit den franske landslagdrakta 63 gongar, og skåra seks mål.

KjelderEndra