Empire Burlesque

studioalbum av Bob Dylan
Empire Burlesque
Studioalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 10. juni 1985
Innspelt Juli 1984, desember 1984 – mars 1985
Sjanger Rock, heartland rock, new wave
Lengd 46:5
Selskap Columbia
Produsent Bob Dylan
Bob Dylan-kronologi 
Real Live
(1984)
Empire Burlesque Biograph
(1985)


Empire Burlesque er det 23. studioalbumet til Bob Dylan og kom ut på Columbia Records den 10. juni 1985.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]
Robert Christgau(B+)[2]
Entertainment WeeklyC+[3]
MusicHound2/5 stars[5]
Rolling Stone(positiv)[4]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[6]

Produksjonsteknikkane som er nytta på Empire Burlesque er typiske for 1980-åra og kritikarar i dag meiner at dette er eit av få Dylan-album som i dag høyrest ganske umoderne ut.[7] Låtane vert derimot rekna for å vere nokre av dei sterkaste Dylan skreiv dette tiåret med «Tight Connection to My Heart» og «Dark Eyes» som to døme. Tilhengjarar og kritikarar debatterer framleis om albumet er bra eller ikkje, særleg samanlikna med klassikarane til Dylan frå 1960- og 1970-åra. Det er eit av dei mest kontroversielle albuma til Dylan når det er snakk om kvalitet. Albumet nådde 33. plass i USA og 11. plass i Storbritannia. I Noreg nådde albumet 7. plass.

Dylan vart akkompagnert av fleire studiomusikarar, som medlemmar frå Tom Petty and the Heartbreakers - Mike Campbell, Benmont Tench og Howie Epstein.

Innspeling endre

Før Dylan la ut på ein europeisk turné sommaren 1984 brukte han mykje tid i studioet sitt heime i Malibu for å spele inn demoar av nye songar, stundom akkompagnert av andre musikarar.

På øvingane for turneen testa Dylan ut minst tre av desse nye songane, og fann stundom tid til å pusse litt på tekstane deira under turneen.

Då turneen var over vendte Dylan attende til New York og byrja arbeidet på det neste studioalbumet. Som Clinton Heylin skreiv var innspelingane sporadiske mellom juli 1984 og mars 1985, i staden for ein samanhengande periode i studio. Dylan valde å produsere innspelinga sjølv. Arthur Baker, som tidlegare hadde arbeidd med New Order og Afrika Bambaataa, vart seinare henta inn for å mikse albumet, men mykje av produksjonen var av Dylan sjølv.

Ein av dei første avgjerslene hans var å ikkje bruke dei same musikarane på heile plata. I staden plukka Dylan ut eit utval av studiomusikarar. Ei avbroten innspeling med bandet til Al Green vart halden i Intergalactic Studios den 24. juli 1984. Ei innspeling med Ronnie Wood (The Rolling Stones), Anton Fig (mest kjend som trommeslagar i husbandet til David Letterman) og John Paris vart halden i Delta Sound Studios den 26. juli.

Resultatet av Delta-innspelinga var to songar: «Driftin’ Too Far From Shore» og «Clean Cut Kid». Den førstnemnde vart sett til side og ikkje gjort ferdig før i 1986, då Dylan spelte inn det neste albumet sitt, Knocked Out Loaded. Sistnemnde hadde opphavleg blitt spelt inn under Infidels-innspelinga i 1983, men først gjort ferdig no.

Wood sa seinare at han var overraska over kor lite autoritet Dylan hadde under miksinga av albumet. «Lydteknikarane sa 'Hei Bob, men treng ikkje dette,' og han sa 'Åh, ok.' Og dei laga ein miks etter sine øyre, og han berre stod utafor og let dei gjere det. Og eg sa, 'Hei, du kan ikkje la desse karane...sjå her! Dei har fjerna korvokalen!' eller 'Kva med trommene?!' Men det var noko bak i hovudet hans som ikkje tillet han å blande seg inn. Og likevel, om han hadde gått inn i kontrollrommet og dominert, slik han gjorde under innspelinga, kunne det blitt heilt utruleg.»

Under ei innspeling mellom juli og september 1984 (på Power Station), spelte Dylan inn ein demo av ein song kalla «Go 'Way Little Boy,» med Ron Wood og «cowpunk»-rockarane Lone Justice. Dylan og Wood spelte òg på Lone Justice sin versjon av «Go 'Way Little Boy», som vart spelt inn under den same innspelinga og til slutt vart gjeven ut som B-sida til singelen deira, «Sweet Sweet Baby (I’m Falling)». Ein bluessong kalla «Oh Baby» vart òg spelt inn med den same besetninga, men denne er aldri gjeven ut.

Innspelingane i Dylan hadde så langt vore ufruktbare. Etter seks månader hadde Dylan berre eit par innspelingar som vart rekna som akseptable, og berre to av dei kom ut på Empire Burlesque. I november reiste Dylan attende til Los Angeles og fortsette innspelinga der. Ei tidleg innspeling i Ocean Way Studios produserte lite som kunne nyttast på Empire Burlesque. Mykje av tida gjekk med til å spele coverlåtar, inkludert «In the Summertime» av Ray Dorset, «Freedom for the Stallion» av Allen Toussaint og «Help Me Make It Through The Night» av Kris Kristofferson.

Dylan vart mykje meir produktiv då han fortsette innspelinga i Cherokee Studios i Hollywood. Han henta inn Lone Justice-trommeslagaren Don Heffington tidleg i desember, og spelte inn ein ambisiøs song han hadde skrive i lag med Sam Shepard kalla «New Danville Girl» og ein annan song. Dei fekk akseptable opptak av begge songane, men trass i positive tilbakemeldingar, valde Dylan til slutt å ikkje ta med «New Danville Girl» på Empire Burlesque.

For den neste innspelinga i Cherokee den 14. desember fekk Dylan med seg Benmont Tench, Mike Campbell og Howie Epstein frå Tom Petty sitt Heartbreakers, i tillegg til Heffington. «Something's Burning, Baby» utvikla seg til eit nøkkelspor på albumet. Resten av vinteren spelte Dylan stort sett inn resten av songane for Empire Burlesque. Den 28. januar 1985 spelte dei inn «Seeing the Real You at Last» i Cherokee. 28. og/eller 29. januar gjorde han ein kort stopp i A&M Studios for å delta på «We Are the World». Den 5. februar spelte Dylan inn to songar til: «Trust Yourself» og «I’ll Remember You». På Valentinsdagen 14. februar spelte Dylan inn kjærleikssongar, inkludert Johnny Cash sin «Straight A’s In Love», men òg ein av sine eigne, «Emotionally Yours». Alle desse songane vart spelte inn med Heffington, dei tre Heartbreakers-medlemmane og eit par andre studiomusikarar.

I midten av februar drog Dylan attende til New York City og Power Station. Den 19. februar spelte han med Roy Bittan på piano og Steve Van Zandt på gitar, begge frå Bruce Springsteen sitt E Street Band. Dei selte inn minst eitt brukande opptak av «When the Night Comes Falling from the Sky», men Bittan og Van Zandt var ikkje med på resten av innspelinga.

Dagen etter vart Sly Dunbar og Robbie Shakespeare, betre kjend som reggae-duoen Sly & Robbie, med på innspelinga. Dei hadde tidlegare arbeidd med Dylan på Infidels. I lag med korvokalistane Queen Esther Marrow, Debra Byrd og Carolyn Dennis, spelte gruppa inn «Never Gonna Be the Same Again». 23. februar vart i tillegg Al Kooper med på gitar. Resultatet vart ein annan versjon av «When the Night Comes Falling from the Sky», som til slutt vart vald føre Van Zandt-versjonen frå nokre dagar før. Dylan henta òg fram att «Someone's Got a Hold of My Heart» frå Infidels-innspelinga.

Ein siste song vart spelt inn 3. mars, «Dark Eyes», som vart siste songen på albumet. Då innspelinga var over fekk Arthur Baker i oppgåve å mikse albumet.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Bob Dylan.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Tight Connection to My Heart (Has Anybody Seen My Love)»5:22
2.«Seeing the Real You at Last»4:21
3.«I'll Remember You»4:14
4.«Clean Cut Kid»4:17
5.«Never Gonna Be the Same Again»3:11
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Trust Yourself»3:29
7.«Emotionally Yours»4:30
8.«When the Night Comes Falling from the Sky»7:30
9.«Something's Burning, Baby»4:54
10.«Dark Eyes»5:07

Medverkande endre

Musikarar endre

Produksjon endre

Kjelder endre

  1. Erlewine, Stephen Thomas. Empire BurlesqueAllmusic
  2. Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: Artist 169». robertchristgau.com. Henta 3. desember 2018. 
  3. Entertainment Weekly review
  4. Loder, Kurt (4. juli 1985). «Bob Dylan: Empire Burlesque : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 3. november 2007. Henta 3. desember 2018. 
  5. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide (2nd utg.). Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 371. ISBN 1-57859-061-2. 
  6. Brackett, Nathan; with Hoard, Christian (eds) (2004). The New Rolling Stone Album Guide. New York, NY: Fireside. s. 262. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 22. august 2015. 
  7. Higgins, Jim Dylan's Burlesque Sounds Half-Finished[daud lenkje]. The Milwaukee Sentinel. 14. juni 1985.