Encyclopedia of Earth

Encyclopedia of Earth, EoE, er eit elektronisk oppslagsverk om jorda, naturmiljøet og samvirket med samfunnet. Oppslagsverket er skildra som ei fri og søkbar samling av artiklar som er skrivne av fagfolk, lærarar og andre utdanna og godkjente ekspertar som samarbeider og går gjennom arbeidet. Artiklane er skrivne i ei språkform slik at både studentar, lærde og profesjonelle så vel som vanlege menneske kan lese dei.[1] I september 2006 vart verket første gong tilgjengeleg over Internett med omkring 360 artiklar, i oktober 2007 var talet på artiklar auka til over 4000.

Encyclopedia of Earth
Type nettstadskriftverk
Tilgjengeleg påengelsk
Grunnlagd2006
OpphavslandUSA
Nettstadwww.eoearth.org

EoE er ein del av eit større prosjekt, Digital Universe, som er ei samstilling av mange portalar med emnespesifikk informasjon, felles tenester som søk, utsending av informasjon om hendingar, og dei byr òg på tilgang på andre ressursar.

Skriving og utgjeving

endre

Artiklar blir skrivne, redigerte og gjevne ut i ein totrinnsprosess:

  1. Ei gruppe ekspertar skapar, held vedlike og styrer stoff for oppslagsverket gjennom ein lukka wiki.
  2. Ferdig innhald blir vurdert og godkjent av ei gruppe redaktørar før det blir lagt ut ope på nettstaden.

Forfattarane kan gjere vedvarande forbetringar og oppdateringar på alle artiklar, men det er eit krav om at kvar nye versjon av artikkelen får ei gjennomgåing og ei ny godkjenning før han vert synt fram på den opne nettstaden til EoE.

Det finst politiske rettesnorer for handsaming av artiklar som rører emne som kan skape strid eller kan vere krenkjande. Politikken skal sikre nøytralitet og rettferd, [2] alle ulike utsegnskraftige syn på ei sak skal få sine prov og argument presentert i artikkelen, uttrykt rettkomen og så sympatisk som råd er. Etter denne politikken skal ikkje oppslagsverket sjølv forfekte standpunkt i miljøspørsmål.

Politikk for opphavsrett

endre

Innhaldet i EoE er gjeve ut etter vilkåra i Creative Commons-lisensen «Attribution-Share Alike». Einkvan har løyve til å (1) kopiere, distribuere og å syne fram innhaldet, (2) endre på, setje saman med anna innhald, avgrense og å byggje vidare på materialet, også å nytte det ut kommersielt, men brukaren må samtykkje i desse vilkåra:

  • Attribution. Brukaren må gje namnet på / godskrive forfattaren slik som opphavsretteigaren har kravd.
  • Share Alike. Om brukaren har endra på eller utvida arbeidet på nokon måte og han distribuerer resultatet må han gjere det under vilkår som er identiske til «Attribution-Share Alike» lisensen.

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. The Encyclopedia of Earth, Cutler J. Cleveland, Editor (Washington, D.C.: Environmental Information Coalition, National Council for Science and the Environment).
  2. "The Encyclopedia of Earth neutrality policy", Cutler J. Cleveland, Editor (Washington, D.C.: Environmental Information Coalition, National Council for Science and the Environment).

Bakgrunnsstoff

endre