Enevald Flåten
Enevald Flåten (20. juli 1952–10. januar 2023) var fram til 2007 tilsett som pastor i frikyrkjelyden Levende Ord i Bergen. Han kjem frå Hå kommune på Jæren. Han starta opp Jæren kristne senter på Nærbø. I 1992 reiste han til Bergen for å byggja opp ein ny kyrkjelyd, knytt til rørsla Livets Ord.
Enevald Flåten | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. juli 1952 |
Død |
10. januar 2023 (70 år) |
Yrke | pastor |
Enevald Flåten har fått kritikk for sine meiningar om jamstilling mellom kjønna og homofili.
Fleire av talane til Flåten har vorte redigert og gjevne ut som bøker, mellom anna Nåde, En familie etter Guds hjerte og En menighet etter Guds hjerte.